Aldri tidlegare har det kome fleire søknader til Norsk kulturminnefond. Private eigarar har aldri synt større vilje til å gjennomføre reparasjon og istandsetjing.

Styret i Kulturminnefondet ser med aukande uro på at mange støtteverdige prosjekt må gjevast avslag på grunn av manglande økonomiske rammer, trass i dei nasjonale målsettingane Stortinget har vedtatt om å minimere bortfallet av verneverdige kulturminne.

Vi bør verdsetja dei mange private eigarane som vil ta vare på kulturminna i dette landet, dei som vil ta med seg ein bit av fortida inn i framtida. I vår tid maktar vi knappast å forstå kva vi mistar. Framtida takka for kvart einaste kulturminne vi tek vare på.

Det kom inn 782 søknader innan fristen om i alt 234 millionar til istandsetjing av kulturminne over heile landet. Vi har i år 68 millionar kroner til fordeling. I fjor kom det inn 749 søknader, mot 630 i 2013. Talet på søknader til Kulturminnefondet har aldri vore større, og har auka monaleg år for år.

Styret delegerte til direktøren å fatte vedtak i søknader med søknadsbeløp under kr. 100.000. I alt er det 213 søknader som er handsama etter delegert fullmakt.

Det er også etablert nye ordningar med moglegheit for å søke støtte til skadeførebyggande tiltak og støtte til fag- og handverksseminar fortløpande gjennom året. Desse ordningane syner ei god utvikling, og er i ferd med å bli kjent blant eigarane. Vi reknar såleis med at fondet vil handsama om lag 1000 søknader i 2015. Det er eit historisk høgt søknadstal for ein liten administrasjon.

Kulturminnefondet fekk ei auke i ramma tildelt over statsbudsjettet for 2015, men det er likevel grunn til å merka seg at gapet mellom søknadsbeløp og det fondet har til fordeling, framleis er stor. Det har difor skjedd eit tøff prioritering, der mange gode prosjekt ikkje vert tildelt støtte på grunn av manglande ressursar. Dette i ein situasjon der Stortinget har vedtatt som nasjonalt mål at tapet av verneverdige kulturminne skal minimerast. Fondet melder inn auka behov for ressursar i alle samanhengar der det er mogleg.

Når vi ser på intensjonane for etableringa av kulturminnefondet vart det i NOU 2002:1 peikt på at det årlege behovet var ei ramme på minst 100 millionar kroner. Det har nå gått 13 år og behovet er større enn nokon gong. Men det har samstundes vorte auka interesse for bevaring, medan kostnadsnivået har vorte høgare. Alt dette, i tillegg til den store søknadsveksten, peikar eigentleg på at behovet idag er betydeleg høgare enn i 2002.

Arbeidet med å fornya, forbetra og forenkla tilskotsordninga har høgt fokus hjå oss. Norsk kulturminnefond skal vere eit lågterskeltilbod for private eigarar av verneverdige kulturminne. Fondets rolle er unik innan kulturminnefeltet, og Noreg er åleine om å ha eit statleg kulturminnefond med midlar til private eigarar i heile Europa. I dag er samarbeid med eigarane fondets viktigaste strategi for å nå målet om å minimera bortfallet av verneverdige kulturminne.

Den gjennomførte brukarundersøkinga i 2014 viser at 83 % av alle søkjarane er tilfreds med kontakten med Kulturminnefondet, og meiner den faglege oppfølginga av prosjekta er svært viktig. Eigarane seier at fire av fem prosjekt som har fått midlar ikkje ville vorte realisert utan støtta frå fondet. Ein kan etter dette grovt sett rekna med at 2000 prosjekt ikkje hadde vorte gjennomført utan hjelp frå kulturminnefondet.

Dersom Stortinget hadde løyvd 234 millionar til Norsk kulturminnefond ville private eigarar i medhald av innsendte søknader stilt opp med ein halv milliard samt dugnadsinnsats for å oppfylle det nasjonale målet. Av desse midlane ville storparten gått attende til statskassa i form av moms og andre avgifter på teneste og varekjøp. Dette ville for Stortinget i røynda finansiert seg sjølv.

Når vi ser på kor mykje private midlar dei statlege pengane frå fondet løyser ut, er det grunn til å bli imponert. I eit gjennomsnittleg prosjekt kjem 28 % av midlane frå Staten gjennom Kulturminnefondet. 72 % av det som skal til for å setja objektet i stand kjem frå eigaren sjølv i form av eigne midlar eller eigen innsats på prosjektet. Vidare kan det vere økonomisk støtte frå fylkeskommunen eller kommunen, ofte med SMIL-midlar. Og erfaringane viser vidare at det i praksis ofte vert enklare for eigaren å skaffa midlar frå andre private finansieringskjelder, når fondet fyrst har sagt ja til prosjektet.

Tida er overmoden for eit politisk taktskifte når det gjeld statlege løyvingar til bevaring av kulturminna våre. Vi bør ta oss råd til ein langt større innsats på dette området. Kulturminnefondet har utvikla seg til å bli eit effektiv og kompetent verktøy for å nå dei nasjonale målsetjingane.

Simen Bjørgen, direktør i Norsk kulturminnefond, Røros