Heilt sidan forslaget om å legge ned togbussen kom på bordet veka før påske har Senterpartiet jobba for å bevare ruta. Togbussen har knytt Nordmøre til tognettet i over 100 år. Dessverre fann ikkje fleirtalet i Fylkestinget pengar til å prioritere togbussen i budsjett for 2024 som vi vedtok i april. Etter sist møte i samferdsleutvalet er det framleis eit lite håp igjen for bussen, og her er løysinga.

Ikkje alle som er med og styrer var einige i nedlegginga av bussruta, men dei hadde ikkje lukkast å sikre pengane som trengst. Ein stor underskriftskampanje og eit massivt opprør frå folket på Nordmøre gjer at alle folkevalde innser at denne bussen betyr noko og bør bevarast. Ikkje berre er togbussen ein “togbuss”, men dette er også lokalbussen folk tek til og frå sjukehus, butikken og fest. Det er bussen som knytt folk på Indre Nordmøre til byen og er også ein del av den lokale beredskapen vår. No handlar det om vilje og prioritering av pengane vi rår over.

Møre og Romsdal fylkeskommune har 5,1 milliardar i årleg budsjettramme. Vi må finne fem millionar kroner som kan nyttast til dette viktige kollektivtransporttilbodet for distriktet og for Nordmøre. I budsjettet for 2024 treng vi i underkant av to millionar kroner. I juni skal budsjettet reviderast i fylkestinget. Då har fylkestinget ein ny sjanse til å endre vedtaket om nedlegging og få plass til togbussen i prioriteringa. Denne gongen må det vere med pengar og ikkje berre ord.

For å bidra har vi difor nokre forslag til ting som kan prioriterast ned til fordel for togbussen. Innanfor samferdsel er det fleire moglegheiter.

  • Det vart sett inn eit løft for å vedlikehalde fylkesvegane på 50 millionar meir enn fylkeskommunedirektøren fekk plass til i sitt budsjett. Det er viktig med asfalt, men no har heldigvis regjeringa løyvd om lag 50 millionar eksta til vegvedlikehald i fylket vårt i tillegg til det som ligg inne. Då går det etter vår meining an å ta ein million eller to derfrå.

  • Vi har allereie føreslått å redusere nokre av ferjeavgangane som fleirtalet prioriterte å ta inn att i 2024, avganger som ikkje gjekk i 2023. Nokre av desse har knapt blitt etterspurt det året dei var vekke. Det finst unntak, og her må vi sjølvsagt prioritere avgangar som skader minst å ta vekk. Om vi dekker heile summen til togbussen her går det framleis an å skjerme til dømes dei ekstra avgangane til øysamfunn utan vegforbindelse både på Sunnmøre, i Romsdal og på Nordmøre.

  • Nokre av dei nemnde rutene er ikkje sett inn att enno, som ei ekstra ferje om sommaren mellom Hareid og Sulesund. Berre der er det nesten nok til å halde bussen i drift ut 2024. Vi er trygge på at folk kan klare seg med nokre færre avganger, men likevel fleire enn i 2023. Vi meiner det også finst andre plassar utanfor samferdsel det kan kuttast litt om det er umogleg for fleirtalet å einast om kutt innanfor samferdselsområdet. Det er framleis tid fram til fylkestingsmøtet i juni til å finne pengar.

Med ein dårleg saksutgreiing og ein mangelfull prosess i førekant av vedtaket om nedlegging av togbussen har til dømes ikkje teke omsyn til at vi har ein avtale med togselskapet SJ om togbuss til og frå Kristiansund. Denne avtalen gjeld til 2028. Vi veit ikkje om det får økonomiske konsekvensar for fylkeskommunen å bryte denne avtalen.

Vi håpar at Høgre og Frp kan snu og vere med oss på å bevare togbussen, men då må ein slutte å fatte politiske vedtak utan at det følgjer pengar med. Det er fylkestinget som har lagt ned togbussen, no forventer vi at fylkestinget finn pengane når budsjettet skal reviderast i juni.

Lisa Alvestad, Dordi Boksasp Lerum og Henrik Stensønes.

Fylkestingsrepresentantar for Senterpartiet.