Gløym ikkje dei eldste eldre i valkampen og tida etterpå
Vi går mot ein haust med kommunevalkamp. Dei ulike politiske partia har sine program som dei går til val på. Merkesakene varierer noko, men alle har gjerne eit punkt om at dei vil arbeide for ei god eldreomsorg i kommunen, og bra er det.