Kvifor? Jau, eg sat og las ein artikkel i lokalavisa om framtida på Nordmøre. Og spesielt i Sunndal. Ein ny prognose frå Statistisk Sentralbyrå slo fast at det om nokre år vil vere nesten 1000 færre sunndalingar enn det er i dag. Ein dyster spådom med andre ord.

Men det var ikkje spådomen i seg sjølv som skipla meg. Nei, det var reaksjonen til den lokale ordføraren som gjorde at kaffen sette seg fast denne morgonen. Han såg ikkje på ein nedgang i folketalet på 12 prosent som noko problem, og dessutan var det jo ikkje sikkert at SSB hadde rett? Han ha rett i det da, om ikkje anna. Sjølv om tala sjølvsagt ikkje er henta ut or lause lufta …

Men det verste er at han – ordføraren altså – ikkje ser nokon grunn til å endre på noko som helst i kommunepolitikken. Eg veit ikkje om eg skal kalle det arrogant, naivt eller beint fram idiotisk. Kanskje alle tre dekkjer?

Tala frå SSB er basert på trendar. Og trenden i Sunndal har lenge vore tydeleg nok. Difor tenkjer eg det er arrogant nå ordføraren vil halde fram som før. Eg tenkjer at med den distriktspolitikken som rår – så vil tettstader som Sunndal møte store utfordringar i tida som kjem. Og det vil vere Darwins lov som gjeld. Dei beste og sterkaste vil overleve. Når ordføraren vil halde fram som før, så betyr det  i mine auge at han gjer som strutsen og stikk hovudet i sanda.

Eg må gje ordføraren rett i ein ting: Han vil satse på næringslivet. Han seier og at det er viktig å  vedlikehalde det næringslivet som finst. Viktig det, ja. Men korleis gjer ordføraren og kommunen det, skal tru?

Her er eit ferskt døme: For nokre veker sidan kunne ein lese i lokalpressa at kommunen via Sunndal Næingseiendom ville selje ei stor tomt til det interkommunale gjenvinningsselskapet ReMidt på industriområdet på Håsøran. Tomta ligg to steinkast frå tomta Franzefoss – eller no Ottem Gjenvinning – har sitt gjenvinningsanlegg, som har løyst gjennvinningsjobben i ei årrekkje. Og så vidt eg skjønar, så har kommunen gjort dette utan ein gong å snakke med Ottem Gjenvinning. Er det slik ordføraren ser for seg at han skal vedlikehalde og utvikle næringslivet i kommunen?

Det interessante som har skjedd i sunndalske næringsliv dei siste tjue-tretti åra er at fleire bedrifter som ein gong for lenge sia starta som einmannsforetak, har utvikla seg til ganske så store einingar. Desse opererer i dag på marknader langt utanfor kommunegrensene, og somme og utanfor landegrensene. I stor grad kommunen har vore bidragsytarar for desse skal ikkje omtalast her, men truleg har utviklinga skjedd meir på tross av enn på grunn av kommunal medverknad. Kan hende gjer ordføraren klokt i å ta med desse på råd i spørsmål om næringsutvikling? Dei sit utan tvil på relevant kompetanse. Og dei kjenner på kroppen kor skoen trykker. Dei veit som krevst for å få arbeidstakarar til å vurdere å flytte til Sunndal, og kva som krevst for å halde på arbeidsstokken. Truleg treng desse selskapa ein offensiv ordførar heller enn ein som ikkje mister nattesvevnen av dei dystre spådomane til SSB

Ja,da. Det er lett å kritisere slik eg har gjort no. Det er mykje lettare enn å kome med løysingar. Difor: her er eit forslag direkte til ordføraren og kommuneadministrasjonen til ein annan måte å møte framtida på: Lytt til desse som kjenner problema på kroppen. Ja, meir enn det; ta dei med på råd. Om kommunen skal gjere SSB-spådommen til skamme, så krevst det ein offensiv kommune, og ein kommune som spelar på lag med dei gode kreftene som finst i lokalsamfunnet.

Dordi Nakken