Som ungdom høyrer det til sjeldanheitene at ein er på ein fest der narkotika som hasj eller MDMA ikkje er involvert. Det å sjå at nokon røykar eller snortar ei stripe med ulovlege rusmiddel er diverre nesten kvardagskost. Nokre månadar seinare kan ein høyre om det som i utgangspunktet er friske og fornuftige ungdomar, som er vorte lagt inn på avrusing. Er sjuke ungdomar på avrusingsinstitusjonar noko høgresida ynskjer?

Medan Høgre og Venstre meinte løysinga på det store narkotikaproblemet blant ungdommar er å gjere narkotika lovleg, set regjeringa, med Senterpartiet i spissen, ned foten. Vi vil i staden satse på førebygging og helsehjelp til dei som treng det.

At den førre regjeringa ville innføre ei slik «rusreform» som kanskje ville gjort at mange hundre, om ikkje tusenvis, fleire ungdomar ville fått ei ungdomstid prega av avhengigheit er heilt absurd. Endå meir absurd er det at dei tenkte at denne avkriminaliseringa ville løyse utfordringane. Det er korttenkt å tru at meir narkotika i eit samfunn vil føre til mindre sjukdom.

Det å høyre historier om ungdom som etter russetida har måtte brukt eit år av livet sitt på avrusing er rystande. Vi må bråstoppe bilen og rygge tilbake no, ikkje køyre på for full guffe inn i narkotikaland. Kven vil vel at ein heil generasjon skal bli avhengige av ulovlege rusmidlar?

Meir narkotika i eit samfunn fører til meir bruk og meir avhengigheit. Difor må vi jobbe for å førebygge at fleire brukar narkotika å gi hjelp til dei som treng det. Ikkje gjennomføre tidenes liberalisering av narkotika slik Høgre og Venstre, med støtte av Kristeleg Folkeparti vil.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal