Vi går mot slutten av «Frivillighetens år». 142.000 årsverk blir lagd ned i frivillig arbeid og om lag 58 prosent av befolkninga deltek i løpet av eit år – frå nokre få gonger gjennom eit heilt år til meir enn ti timar for veka. Det blir skapt verdiar for 78 milliardar kroner, halvdelen innan kultur og fritid. Dei frivillige organisasjonane har i tillegg 86.000 lønna tilsette. «Den tredje sektor» er, som ein skjønar, veldig omfattande. Kjelde: Knut Olav Åmås sin kronikk i Aftenposten 24. september 2022 (s.60).

Etter som eg forstår er vi no inne i ein ny trend kor mange trår til på festivalar og idrettsarrangement medan den årelange innsatsen er på vikande front. For eigen del høyrer eg med til den sistnemnde kategorien med 30 års erfaring som fylkesleiar i ein større landsomfattande humanitær organisasjon.

Ein rapport frå Senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor viser at i to år med pandemi blei frivillig arbeid endå viktigare enn før. Innan helse blei dei frivillige heilt nødvendige for informasjonsspreiing, støtte til vaksinering og testing og aktivitetar for utsette grupper. Samstundes gjekk aktiviteten dramatisk ned innan kultur og idrett.

Året 2001 blei utpeika som FNs frivillighetsår. Den gongen hadde eg eit lesarinnlegg i lokalavisene kor det blei peika på kvifor frivillig arbeid var så viktig. Det som slår meg i dag er kor lik situasjonen på mange måtar var her i landet før pandemien og krigen i Ukraina starta opp. No strevar vi meir igjen. Dette er ikkje noko ønska utvikling.

Behovet for frivillig arbeid er stort i mange samanhengar. Tenk berre på den innsatsen som blir gitt av frivillige ved naturkatastrofar og ulykker av ulikt slag. Sjølv om fellesskapet tek seg av fleire oppgåver rekk ein ikkje over alt, ser det ut til.  På meg verkar det som at det blir stadig klårare at menneska treng kvarandre. Vi er avhengig av familie, grannar og det vesle samfunnet omkring oss. Menneske med disponibel tid og med eit ønske om å bruke denne tida til nytte for andre er ein særs viktig ressurs som vi er forplikta til å ta alvorleg. Vi talar om frivillig arbeid på sitt beste. Størst behov for hjelp vil det ofte vere innanfor kontaktskapande aktivitetar innan nærmiljøet.

Nasjonalforeningen for folkehelsen sin tidlegare leiar Peter F. Hjort har ved eit høve sagt det slik: «Den viktigste grunnen til at det er behov for frivillige, er at samfunnet trenger medmenneskene . Frivillig arbeid er en måte å angripe samfunnsproblemene på fordi det åpner øynene våre for at samfunnet er avhengig av at menneskene har omtanke for hverandre.»  Kloke ord av heidersmannen Hjort dette! Nabokjerringa nemnd i landsmoder Gro sin nyttårstale for ein god del år sidan høyrer avgjort med i denne samanhengen.

Stor takk til alle som frivillige står på kvar på sin stad. Vi har avgjort vore eit fattigare samfunn utan denne frivillige innsatsen.

Johs. J. Vaag