Sensurerande «krenkekorrektur» i litteratur og kunst kan bli interessant dersom vi tek for oss folkeeventyra. Men sjølvsagt må vi aldri godta dette.

Mange reagerte heldigvis ganske så kraftig då det nyleg vart kjent at bøkene til forfattaren Roald Dahl i Storbritannia skal gjerast mindre «krenkande». Til dømes skal «små menn» hos Umpa-Lumpaane bli til «små personar». «Feit» skal bli til «enorm». «Stygg» skal bli til «ekkel». (Som om noko av dette skulle betre situasjonen for nokon.)

Dahl er kjent for eit blomstrande språk og spektakulære figurar. Slik språkleg kastrering som blir begått mot bøkene hans no er ikkje greitt verken mot hans eller andres verk. Heller ikkje titlar på kunstverk bør endrast i den moderne tids stadige forsøk på å unngå å trakke nokon på stadig meir ømfintlege tær. Dessverre har vi allereie sett døme på slikt.

Problemet er at det finst ingen grenser for kva vi kan sensurere og korrigere på viss vi først tek inn på denne stien. Kven skal ha siste ordet om kva som er for ille? Er det berre dei mest lettkrenka? Eller skal vi som tåler betydeleg meir ha ei stemme i dette? Vi må også ta stilling til all den litteraturen og kunsten som blir skapt i dag. Skal vi godta at delar av denne blir viska ut om ti og tretti år fordi nokon då har lært korleis dei driv krenkekorrektur av oss? Tillet vi at ytringsfridomen blir trakka slik på ved at vi godkjenner denne praksisen no, kan det bli eit problem for all framtid.

Vi mistar verdifull overføring av kulturhistorie - og slik viktig kontakt med tidlegare tider - dersom nokon skal ha som oppgåve å viske vekk delar av litteraturen og kunsten som akkurat dei sjølve misliker og ikkje trur andre «sårbare sjeler» vil tåle.

I eventyra til Asbjørnsen og Moe kan vi mellom anna lesa: «Huttetu! Her lukter så kristen manns blod». Viss vi skal lesa kritisk krenkekorrektur på dette, kan det kanskje bli slik: «Å. En av sansene mine fornemmer odøren til en av kroppsvæskene til en religiøs person, uvisst av hvilken religion, farge og kjønnsoppfatning.»

Vi må aldri godta at litteraturen og kunsten skal tvingast til å bli tannlaus, fargelaus og kjønnslaus. Ei heller fattig på ord og uttrykk. Forfattarar og kunstnarar skal ikkje kunne blir fråtekne råderetten over verka sine verken før eller etter sin død. Og vi må faktisk ha såpass tru på folk at dei taklar å lesa ordet «feit» i ein tekst utan å dåne.

Jenny Klinge

Stortingsrepresentant, Senterpartiet