Høgre ynskjer høgare drivstoffprisar, noko som rammar næringslivet i heile Møre og Romsdal brutalt.

I næringsfylket nr 1, Møre og Romsdal, vert ein vitner til at Høgre framstår like næringsfiendtlig som regjeringa og SV. Faktisk er Høgre verre enn SP og AP ang drivstofforisar, der Høgre i realiteten vil auke drivstoffprisane, som frå før er skyhøge. I Møre og Romsdal rammar drivstoffprisane brutalt næringslivet.

Transport, bygg og anleggsbransjen er i kneståande pga skyhøge drivstoffprisar. Det same er sjølvsagt fiskerinæringa, som blir ramma brutalt av skyhøge drivstoffprisar. Og Høgre vil ha enda høgare drivstoffprisar? Kva er det dei held på med? Er det verkeleg mulig å drive ein så næringsfiendtlig politikk? Høgre seiler høgt på målingane nasjonalt, men her i Møre og Romsdal har heldigvis befolkninga avslørt Høgre for lengst. Høgre ynskjer Møreaksen, som folket ikkje vil ha, og no når Høgre tek opp kampen mot SP og AP om å skaffe dyrast mulig drivstoff, vil nok Høgre synke ytterlegare på målingane her i fylket. Kvifor Høgre er høgt på målingane sentralt forstår vi lite av, ikkje eit parti snakkar meir om klima og miljøhysteriet, meir vindmøller, Møreaksen, dyrare drivstoff og skyhøge skattar. Forstå det den som kan; når Møre og Romsdal fylke må kutte 280 millionar kroner i ferjedrifta og busstilbudet på grunn av dei skyhøge drivstoffkostnadene, så vil altså Høgre ha det verre? Ikkje rart Høgre vil kutte gratis ferjer, for næringslivet og folk flest i næringsfylket Møre og Romsdal skal nok måtte betale for Høgre sitt klimahysteri. Utan arbeidsplassar og eit sterkt næringsliv i Møre og Romsdal, vil enda fleire få det knalltøft i åra som kjem. FrP ynskjer kutt i drivstoffavgiftene, som sjølvsagt vil føre til mindre press på inflasjonen, og betre situasjonen betraktelig for det meste av næringslivet. I Møre og Romsdal går vi til valg for eit skifte av fylkesordførar, til ein fylkesordførar frå FrP som kan prioritere å kutte i byråkratiet på Molde. Fylkeskommunen esar ut, og pengane blir brukt på dyre prosjekt og administrasjon i staden for betre ferjer, vidaregåande skular og busstilbud. Så får vi håpe at Høgre kjem seg ut av skatte- og avgiftsfolden til regjeringspartia, og sørger for eit skifte her i fylket til hausten. Skal det bli reell endring er det kun FrP, som fortsatt største parti her i fylket, som kan sørge for.

Men, då må Høgre slutte å slutte å «dilte» etter regjeringa og slutte med konkurransen om høgast mulig drivstoffprisar, skattar og avgifter. Frank Sve, Fylkesleiar i Møre og Romsdal FrP

Geir Stenseth, Fylkesordførarkandidat for Møre og Romsdal FrP