Det spørsmålet dukka opp i tankane mine i svært ung alder. Pussig nok har eg aldri leita etter svaret. Om det no finst noko svar på korfor påskelysa og påskeduken og påskekyllingane og påskemarsipanen og påskeserviettane skal vera gule som sola.

Eller er det nettopp inspirasjon frå sola som er skuld i heile den gule festen? For ikkje å snakke om påskeliljene, som nikkar så blidt og gult i snøen at hjorten kjem heilt bortåt for å helse på, grytidleg om morgonen, rett utom soveromsglaset vårt.

Påska er den viktigaste høgtida i kyrkjeåret for både dei protestantiske, romersk-katolske og ortodokse kyrkjene, men har mange røter. Ei av dei har utspring i den jødiske pesach til minne om flukta frå slaveriet i Egypt.

Utan at det hjelper oss det minste i spørsmålet om den gule påska. Eg har sjekka, og fram til langfredag er den kyrkjelege farga fiolett. Deretter blir det kvitt.

Ikkje alle påskeegg er gule, men det er utanpå. Inni er dei gule som ei lita sol, og i påska et vi dobbelt så mykje egg som i resten av året. Akkurat det samme gjeld for appelsiner og mandariner, som rett nok er nesten gule utanpå.

Til overmål fortel statistikken at vi også drikk dobbelt så mykje gul brus i påska.

Gul, gul, gul.

Kanskje stammar den livsglade fargebruken frå heidensk tid, før kristendommen vart dominerande i truslivet? Kanskje det, ja! seier britane. For akkurat som norsk påske kjem frå hebraisk pesach, kjem engelsk easter frå gammelengelsk Eostre.

Ho var ei gudinne som vart feira ved vårjamdøgn, og namnet hennar betyr morgongry. Altså stunda da den gule sola klatrar opp over horisonten, og på vårparten var det tid for solfestar enten du trudde på det eine eller det andre.

Det er godt nok for meg. Påska er gul på grunn av sola.

Påskeharen har eg derimot aldri fått tak på. Hos oss har han hamna i samme båsen som halloween og valentine’s day og andre utanlandske påfunn. Men no har vi opparbeidd oss brukbar ansiennitet som besteforeldre, og da er ikkje påskeharen til å komma utom.

Ein hare som legg egg? Kor tullete kan det bli? Men når eg blir tvungen til å gjera ein aldri så liten historisk bakgrunnssjekk, viser det seg at mi nye venninne Eostre er skuld i påskeharen òg. Ho redda ein fugl ved å forvandle han til hare. Denne fugleharen kunne legge raude, blåe og grøne egg kvar vår. Ingen gule. Men ekte påskeegg er gule inni, også dei som er laga av sjokolade og marsipan.

I år blir påska gulare enn nokon gong. Grunnen til det er dessverre både tragisk og ubegripeleg: Russlands blodige angrep på Ukraina.

For halvannan månad sia visste dei færraste av oss korleis det ukrainske flagget ser ut. No møter vi det på jakkeslag og fotballkampar og fjesboka og flaggstenger, og veit at flagget har ei brei, blå tverrstripe med ei like brei, gul tverrstripe under.

«Påskefred» er blant dei mange orda som er født av høgtida. Det kan dekkje alt frå stengte butikkar via helligdagsfred til pause i krigshandlingar. Dessverre har valdeleg politikk lett for å trumfe fredeleg religion. Likevel er påskefred det største påskeønsket mitt i år; at krigen skal ta slutt.

Påska no i 2022 blir òg prega av ei anna internasjonal hending. Pandemien er på retur. Om ikkje i omfang så iallfall i styrke, slik at ein gammel påsketradisjon har vakna til liv for fullt: Sydenpåske.

Reiseselskapa meldte om fulle fly og ditto hotell minst ein månad før påskeferien, som har langt betre sjansar til å bli gul og varm i sør enn her oppe i nord. Men kvit påske kan vera fint det òg, iallfall med ski under føtene.

Sjølv skal eg debutere på nye ski i påska. Det er aldri bortkasta arbeid å skrive i Driva, særleg ikkje om Landsem. For nokre veker sia skreiv eg om Landsemskia mine frå 1990, som er i ferd med å gå opp i liminga. Straks ringte Nils Magnar Torvik med ei gladmelding: Han hadde levert eit så godt som ubruka Landsem-par til gjenbruksbutikken på Skei.

Eg dundra innover, og møtte Oddvar Brå i døra. Eller iallfall skia hans: flotte, smale, spenstige langrennsski i svart og grått, med kvit og fareskiltraud pynt. Paret var enda eldre enn mitt gamle! Her snakkar vi klassisk 80-tal.

Eg forlangte å få betala overpris, som likevel var grov underpris. Her skal det bli dristig diagonalgang i påska. Så får det heller våge seg at Landsemskia ikkje har det minste spor av gult.

God påske!