I ”Driva” av 14. ds ser vi at kommunen vil starta arbeidet med å utarbeida ein plan for Svartvassområdet slik at det kan bli eit attraktivt friområde for innbyggjarane i bygda. Det er eit prisverdig tiltak.

Det framgår og at det er oppnemnt ein arbeidsgruppe som skal styra arbeidet. Denne gruppa har igjen invitert idrettslag,velforeiningar og fleire organisasjonar til møte for at dei skal fremja sine tankar om korleis området skal utformast.

Så vidt eg har erfart er korkje Eldreråd eller Pensjonistlaget mellom desse inviterte. Dei eldre utgjer ein stor folkegruppe på Skei. I tillegg til pensjonerar på alders og sjukeheim ser det ut til at mange av leiligheitene som er oppført og er under oppføring, er/vil bli fylt med eldre. Og eldre blir det etter kvart fleire av, - det er naturens gang. Det må derfor takast omsyn til desse ved utforminga av området.

Slik vi ser det må det vera lett adgang frå alders/sjukeheim også for brukarar av rullator og rullestol. På sjølve området må det vera benkjer og bord slik at det freistar til å setja seg ned og treffa andre. Einsemd er eit stort problem for mange eldre. Sitteplassane må gje sikt til leikeplassen, det er triveleg å sjå borna leikar seg. Vi ser det naturleg at Eldreråd/Pensjonistlag vert representert i arbeidet med utforming av området. Eldre kan vera ein ressurs og vi har god tid!

På vegne av Surnadal Pensjonistlag 159 medl.

Kristian Ranes