Vi har nyleg feira grunnlovsdagen vår, 17. mai, med fest og mange gode ord om fridom og folkestyre.

Folkestyret og velferdsstaten vår er laga på tillit mellom folk flest og dei som styrer. Kjem tilliten vekk, vil velferdsstaten falle i grus og trua på folkestyret forvitre.

Verdiar som openheit, klåre rollar og etisk bevisstheit er viktige for at folk flest kan ha høg tillit til kommunane, vår næraste tenesteytar og myndigheit.

Nasjonalt regelverk legg til rette for ei tillitsskapande kommunal forvalting. Mellom anna skal reglane om inhabilitet i Forvaltingsloven og Kommuneloven gjere sitt til at vedtak blir gjort på objektivt grunnlag, utan påvirkning av utanforliggande hensyn.

Politikarane i Sunndal øydelegg ein gong til, litt av tilliten som folk bør ha til politikken.

27. april vedtok Sunndal kommunestyre med opposisjonsleiar Singsdal og ordførar Refstie i spissen at formannsskapsmedlem, no Ap-medlem, Stig Rune Andreassen var habil i to saker der han klårt var inhabil.

Sak 19/22 var budsjettendringar.

Sunndal Kirkelege Fellesråd sine kostnadar med vedlikehald av ei kyrkje vart dyrare enn budsjettert og det vart bevilga meir pengar. Representanten Andreassen, leiar av Sunndal Kirkelege Fellesråd, kjende seg habil, men fekk likevel habiliteten sin vurdert. Kommunedirektøren meinte han var habil då det var ei budsjettsak og dermed overordna. Årsbudsjettet vart vedteke i desember. Kommunestyret vedtok med 19 mot 8 stemmer at han var habil.

Her tok direktøren og kommunestyret grundig feil;

Når årsbudsjett, økonomiplan, kommuneplan, regional planstrategi og regional plan blir handsama i eit folkevald organ, kan folk som ellers ville bli inhabile vere med, men Vegleiaren om habilitet pkt 4.3.2 seier at lista er uttømmande, og berre gjeld for dei sakene som er lista.

Leiar av Sunndal Kirkelege Fellesråd kan vere med og vedta sitt eige årsbudsjett, men ikke seinare endringar og tilleggsbevilgningar til sitt område.

Som ein raritet kan nemnast at kona til assisterande kommunedirektør som hadde laga saka, er styremedlem i Sunndal Kirkelege Fellesråd. Dei som lagar saker til kommunestyret skal og vere habile. Styreleiaren i rådet som er kommunestyremedlem, var og med på vedtaket.

Sak 22/22 var sluttbehandlinga av reguleringsplana for sentrumsbarnehagen. Representanten Andreassen eig saman med kona, Bjørgs gate 10 som ligg innafor planområdet. Eigarskapet er tinglyst. Fylkesmannen i Buskerud skriv om habilitet på side 14 at grunneigar innafor planområdet er part i saken og dermed inhabil i ei forvaltingssak. Andreassen meinte han sjøl ikkje var part då grunneigaren er eit burettslag. Kommunedirektøren lurte på om det var Andreassen eller burettslaget som var part i saken, og kom ikkje med noko råd. Kommunestyret vedtok med 17 mot 10 stemmer at han var habil.

Dersom det berre var burettslaget som var part, ville Andreassen likevel bli inhabil. Kvartal XVI sin daglege leiar, forretningsførar og rekneskapsførar er Sunnbo. Andreassen er nestleiar i Sunnbo sitt styre. Styrevervet vart ikkje omtala i kommunestyret.

Som ein raritet kan nemnast at representanten Asbjørn Tronsgård, deleigar i ei tomt innafor reguleringsområdet, som rett er, vart kjend inhabil.

I kollegiale organ som kommunestyret, skal habilitet avgjerast at organet sjøl. Alle medlemmane i organet er ansvarlege for at vedtaka blir gjordt av habile folk, og kvar einskild skal seie frå i god tid om forhold som kan gjere ein inhabil.

Når kommunestyret ved kjende forhold, ikkje greier å halde orden på habiliteten, blir det sjølskading.

Det skal vere ryddigheit i politikk og forvalting.

Sunndaløra 22.5.2022

Erling Rød

Kommunestyrerepresentant FrP