Senterpartiet meiner det er rett å trekkje inn skatt på ekstraordinære inntekter for å sikre velferd og fordeling, slik regjeringa legg opp til, men vi har innvendingar til innretninga på kraftskatten:

  • Forslaget om auka grunnrenteskatt og høgprisbidrag på kraftproduksjon slik det er utforma, fører til flytting av økonomiske ressursar til staten frå distrikta og frå eigarkommunar av kraftverk. Det vil gå ut over fornying og oppgradering av eksisterande kraftverk og utbygging av nettet, i ei tid da vi treng meir fornybar energi og betre overføringskapasitet mellom landsdelar.

  • Vi meiner det er rett å auke skattlegginga av bransjen når det oppstår ekstraordinære inntekter, slik vi har sett i prisområda i Sør-Norge. I vårt prisområde derimot har det ikkje vore ekstra inntekter, og da kan ein heller ikkje krevje inn ekstra skatt.

Vi meiner at «høgprisbidraget» må reknast ut på prisen på månads- eller årsbasis, ikkje timebasis. Da vil det verke etter intensjonen og ikkje undergrave heile kraftsystemet og skattlegge kraftverk i område der prisen i gjennomsnitt er låg.

  • Vi meiner det er feil å auke den generelle grunnrenteskatten frå 37% til 45% i område der det faktisk ikkje er auka inntekter å skattlegge, slik det er i vårt prisområde og i nord p.t.

Forslaget vil føre til auka skatt og mindre utbytte til eigarkommunane i vår region, sjølv om inntektene ikkje er auka. Vi foreslår difor at det blir sett på ein trinnvis grunnrenteskatt eller auka botnfrådrag/friinntekt eller auka frådrag, t.d. av leige til fallrett.

Dette er ei så alvorleg sak at vi meiner regjeringspartia må lytte til innspel og forhandle fram ei justert innretning.

Kristin Sørheim

Fung.gruppeleiar