Meir fargerikt i Molde

- Fargar gir ei glede, seier professor.
Nyheter

Fagpersonar er i gang med å utarbeide ein fargepalett for sentrum av Molde. Dei tar utgangspunkt i korleis dei opphavlege fargane på husa var frå gjenreisingstida etter krigen.

Det typiske for gjenreisingsbyar i Noreg, slik som Kristiansund, Voss, Narvik og Molde, er at husa var ganske fargerike.

– Fleire og fleire bygg vert måla i grått eller kvitt. Ein kan ende opp med at det fine kulturuttrykket blir måla over dersom ein ikkje tar grep, seier Mette L'Orange til NRK. Ho er både professor i farge og billedkunstner, og prøvar saman med multikunstnar Bent Erik Myrvoll å finne dei originale fargane som vart brukt i Storgata.

L'Orange trur at innbyggjarane blir gladare av meir fargerike hus i sentrum.

– Gråe hus gir eit sansetap og rører deg minst emosjonelt. Fargar gir ei glede, seier professoren.