Over landsgjennomsnittet i fullføring for Sunndal vidaregåande

Vil at enda fleire skal fullføre

Fleire enn landsgjennomsnittet fullførte og greidde skuleåret 2015/2016 på Sunndal vidaregåande skule. No satsar dei på at enda fleire skal bestå.

Fullførte: I 2014/2015 var det fleire enn på landsbasis som fullførte og greidde skuleåret, fortel Jan Ove Løken.  Foto: Sigmund Tjelle

Nyheter

Utdanningsdirektoratet har offentleggjort ein rapport om skolebidragsindikatorar i vidaregåande skole. Rapporten tek for seg indikatorar på skolane sine bidrag til fullføring, gjennomføring og gjennomsnittskarakterar for skoleåret 2014-15, og for kullet som starta i vidaregåande skole hausten 2012. Sunndal vgs. sitt bidrag til forventa fullføring på studieførebuande er 12,4 prosentpoeng høgare enn gjennomsnittet i landet. Gjennomsnittet i landet er 60,5 prosent. Forventa fullføring for ein elev med eit gjennomsnittleg utgangspunkt er 72,9 prosent på Sunndal vgs.

– Dette kan tolkast som at skolens bidrag til forventa fullføring på studieførebuande er høgt, at skolen gjer ein god jobb med å få studieførebuande elevar til å fullføre og bestå, skriv rektor Jan Ove Løken.

Sunndal vgs. sitt bidrag til forventa fullføring på yrkesfag er 9,8 prosentpoeng høgare enn gjennomsnittet i landet. Gjennomsnittet i landet er 52,8 prosent.

– Forventa fullføring for ein elev med eit gjennomsnittleg utgangspunkt er 62,6 prosent på Sunndal vgs. Dette kan tolkast som at skolens bidrag til forventa fullføring på yrkesfag er høgt, at skolen gjer ein god jobb med å få yrkesfaglege elevar til å fullføre og bestå.

– Gjer ein god jobb

Sunndal vgs. sitt bidrag til forventa fullføring på påbygging til generell studiekompetanse er 19,3 prosentpoeng høgare enn gjennomsnittet i landet. Gjennomsnittet i landet er 71,4 prosent. Forventa fullføring for ein elev med eit gjennomsnittleg utgangspunkt er 90,7 prosent på Sunndal vgs. Dette kan tolkast som at skolens bidrag til forventa fullføring på påbygging til generell studiekompetanse er høgt, at skolen gjer ein god jobb med å få påbyggingselevar til å fullføre og bestå.

– Når det gjeld karakterane er det små forskjellar mellom tala for landet og for Sunndal vgs. Vi kan ikkje seie at tala for studieførebuande og påbygging avvik frå landssnittet, medan det er noko usikkert på om talet for yrkesfag er betre enn landssnittet då forskjellen er signifikant.

Vil auke talet

Rapporten «Skolebidragsindikatorer i vidaregåande skole» vil bli brukt saman med mellom anna Møre og Romsdal fylkeskommune sitt kvalitetssystem «Hjernen og hjartet» for å gi eit godt fagleg grunnlag for vidareutvikling av Sunndal vgs.

Sunndal vgs. måler mellom anna kor stor del av elevane som fullfører og består kvart enkelt skoleår. Skoleåret 2014/15 var det 87,5 % som fullførte og greidde skoleåret, i 2015/16 var talet 85,9 % (landsgjennomsnittet var 81,6 %). Over dei komande tre skoleåra ønskjer Sunndal vidaregåande skole å auke talet slik at minst 90 % av elevane som startar på skolen hausten 2019, fullfører og består skoleåret, skriv Løken.