Elveiegarlaget og grunneigarlaget er klare på kva dei meiner må på plass før sperra kan setjast i drift. Dei meiner det må dokumentast at sperra hindrar all laks i å vandre opp elva forbi sperra. Fangsthuset må vere ferdig og det må dokumentarast at det fungerer. Det må og dokumenterast at sjøaure trygt kan vandre forbi rista og forbi energidemparane nedom sperra.

Her er brevet som er sendt til Miljødirektoratet ved direktør Ellen Hambro:

Sjøauren i Driva

Driva har hatt ein av landets viktigaste sjøaurebestandar. Sjøauren var ekstra viktig for lokalbefolkning

og tilreisande i dei første åra etter at gyro slo laksen kraftig tilbake. Sjøauren i Driva går omtrent til 600

meter over havet. Det gjer han heilt unik og verdt å ta ekstra omsyn til. Naturmangfaldslova har som

formål å ta vare på artane sitt genetiske mangfald, men lova nemner spesielt at naturen skal tas vare på

«…slik at den gir grunnlag for menneskenes virksomhet, kultur, helse og trivsel, nå og i fremtiden».

Prosjektleiinga ved Miljødirektoratet uttalte på NRK Distriktsnyheter Møre og Romsdal fredag 23/6:

«Sjøørretbestanden har kommet på så lavt nivå at vi ser ikke på det som et problem at det vil bli

oppstuving av fisk på nedsida av sperra, i hvert fall ikke før i august.» Driva elveeigarlag og Lønset

Grunneierlag meiner derimot at sidan sjøaurebestanden no er på eit så lågt nivå, ja direkte sårbar, er det

viktig å være ekstra aktsam og føre-var ved inngrep i elva.

Fiskesperra fungerer ikkje

Ved sperra skal eit fangsthus fange fisk som ønskjer å gå vidare opp i elva for å gyte. I fangsthuset skal

fisk ein kan fastslå er ekte sjøaure desinfiserast og sleppast ut ovanføre sperra. All annan fisk blir avliva.

Fangsthuset er ikkje ferdig. Det vil truleg ikkje bli slept sjøaure forbi sperra for å gyte ovanføre sperra

dette året.

Det er meininga at alt vatnet i elva skal silast gjennom rista ved fiskesperra. På grunn av at rista ikkje har

nok evne til sjølvreinsing renn vatnet no over rista. I tillegg er utforminga til rista saman med

energidrepeklossane nedstrøms sperra truleg ikkje skånsam nok mot fisk som skal vandre ut. Det er stor

sjanse for at både dyrevelferd og overleving er for dårleg.

Rista er utforma totalt forskjellig frå rister bruka i andre fiskesperrer i Norge. Rista kan ikkje ha vore

prøva ut under realistiske forhold før ho vart montert i elva.

Dårleg prosjektering

I eit lesarinnlegg frå prosjektleiinga ved miljødirektoratet på www.driva.no den 21/6-17 skriv dei at «Det

er ikke uvanlig at det oppstår enkelte utfordringer både under bygging og når en stor konstruksjon som

dette skal tas i bruk. Ikke alt fungerer alltid helt optimalt med en gang.» Driva elveeigarlag og Lønset

Grunneierlag meiner at ein likevel må kunne forvente at den mest sentrale komponenten i eit så stort og

kostbart byggverk må være av ein kjent, gjennomprøvd konstruksjon, eller så må han testast under

realistiske tilhøve før sperra blir sett i drift.

Rista som er bruka i fiskesperra i Driva har eit rutemønster. Ristene i andre fiskesperrer i Norge har ei

heilt anna utforming, med langsgåande spiler som blir smalare i retning nedstrøms sperra. På den måten

vil forureiningar lettare lausne frå rista og fisk som vandrar ut lettare komme seg igjennom rista.

Nei til fortsatt eksperimentering

Miljødirektoratet planlegg å modifisere rista slik at kapasiteten for vanngjennomstrømming aukar.

Driva elveeigarlag og Lønset Grunneierlag har høyrd at dette skal utføres ved at tverrgåande stål skal

kappes vekk, med vinkelslipar, altså skal ein fortsette å eksperimentere med rista, og sjøauren i Driva.

Prosjektleiinga for sperra skriv i lesarbrevet i www.driva.no at «Vi som oppdragsgiver er selvsagt opptatt

av akkurat det samme og arbeider tett med blant andre Sweco for å kartlegge og løse utfordringer etter

hvert som de måtte oppstå.»

Det er klart at utfordringar må løysast etter kvart som dei oppstår, men dersom dette er

hovudarbeidsmåten, er ein ikkje varsam nok når mykje står på spel.

Driva elveeigarlag og Lønset Grunneierlag meiner at det bør undersøkast om planlegging og

gjennomføring av dette prosjektet er gjort etter naturmangfaldslova si plikt til generelt å være aktsam

(§6) og å følgje føre-var-prinsippet (§9).

Sperra bør opnast

Prosjektleiinga ved Miljødirektoratet vedgår at fisk kan passere sperra. Dette året må ein difor rekne

som tapt når det gjeld å få elva tom for laks ovanføre sperra. Driva elveeigarlag og Lønset Grunneierlag

meiner difor at gyrokampen no ikkje har noko å tape på at fiskesperra i Driva blir opna for oppgåande

fisk ved at element i dammen blir løfta vekk så snart som mogleg.

Ved å opne sperra vil ein sikre at sjøaure kan nytte heile Driva til å gyte i år, og at fisk som går nedover

elva trygt kan passere sperrestaden. Vi viser her til Naturmangfaldslova §9 som seier at «…Foreligger en

risiko for alvorlig eller irreversibel skade på naturmangfoldet, skal ikke mangel på kunnskap brukes som

begrunnelse for å utsette eller unnlate å treffe forvaltningstiltak.»

Vegen vidare

Driva elveeigarlag og Lønset Grunneierlag meiner at sperra ikkje kan settast i drift før:

 det kan dokumenterast at sperra hindrar all laks i å vandre opp elva forbi sperra.

 fangsthuset er ferdig, og det er dokumentert at fangsthuset fungerer, altså at fisken går opp i

fangsthuset.

 det kan dokumenterast at sjøaure trygt kan vandre over rista og forbi energidemparane nedom

sperra

Leiar for Driva elveeigarlag                Leiar for Lønset Grunneierlag

Bjørg Hoås                                          Odd Arne Hoel