Gir bøter for mobbing

Fylkesmannen kan gi skoler bøter om de ikke rydder opp i mobbing.
Nyheter

Fylkesmannen i Møre og Romsdal minnar om ei skjerping mot mobbing i opplæringslova og friskolelova som tredde i kraft 1. august 2017. Den seier alle barn og unge har rett til eit trygt og godt skolemiljø utan mobbing og krenkingar. Skolen skal ta tak i saka di innan det har gått 5 arbeidsdagar.

- Kort sagt, når ein elev, eller foreldre melder frå til rektor om at eleven ikkje har det bra på skulen, har skulen ei veke på seg til å ta tak i saka, skriv fylkesmannen i ei pressemelding.

Dersom skulen bruker meir enn ei veke på å gjere noko med saka, kan elev/foreldre ta kontakt med Fylkesmannen.

- Vi passar på at skolen følger lover og reglar om at elevane skal ha det bra, seier fylkesmannen.

Dersom embetet meiner at skolen ikkje har gjort det den skal, kan vi bestemme kva skoleeigar skal gjere i saka, slik at eleven får det trygt og godt på skolen. Fylkesmannen kan også vedta konkrete tiltak skolen må gjennomføre.

- Kva som er best for elevane er eit viktig prinsipp når vi skal behandle saka.

Fylkesmannen vil sette ein frist og sørgje for at skoleeigar følger opp innan fristen. Om skoleeigar ikkje følger opp saka, kan ein få bøter.

- Vi kan også rettleie om kva rettar foreldre og barn har.

Les meir her.