Grendalaget må planlegge framtida på nytt

Folketalet aukar, snart er forsamlingshuset for lite...
Nyheter

Tysdag kveld var vi i Nordvik forsamlingshus på årsmøte i Nordvik grendalag. Nestleiar Karin Åsbø, som leia årsmøtet,  gjorde fort unna saklista med faste innslag som årsmelding, rekneskap og val. På saklista stod det også ymse, og da vart det litt meir aktivitet.  Uthuset trengte nytt tak, og da vart det også spørsmål om ein ikkje skulle utvid uthuset litt, slik at ein fikk plass til både plenkløppar, ved og anna utstyr.

Nordvik grendelag er i den heldige situasjonen at det er auke i folketalet, og det kom etter kvart fram at kanskje forsamlingshuset også blir for lite, ikkje berre uthuset. Det bygges i dag ut eit nytt bustad og hyttefelt rett nedafor forsamlingshuset – og vegen dit går rett forbi nåva på forsamlingshuset. Det gamle bedehuset som no er Nordvik forsamlingshus, ligg rett i smørauga. Men når det vart arrangert juletrefest sist jul, så vart forsamlingshuset for lite.

- Både pluss og minus

På årsmøtet i Grendalaget var Bergsvein Brøske invitert for å orientere om stoda for Todalsfjordprosjektet og korleis det ville påverke tilværet på Nordvik. Bergsvein er dagleg leiar i Todalsfjordprosjektet, og hadde nok inga stor nyheitsbombe å kome med. Men denne gongen vart det sett størst fokus på korleis det ville påvirke tingenes tilstand på Nordvik. Det kan nok bli både pluss og minus, men eg trur at dei aller fleste oppfatta det slik at det vart mest pluss. Det vart iallfall ikkje nokon massiv motstand mot planane, men nordvikgardingane ønska ikkje å bli nokon salderingspost i valet av trase på Svinviksida.

Slik ser framdriftsplana ut for Todalsfjordprosjektet – det står nok att litt enno før plana kan realiserast. Alle må ville det, dersom prosjektet skal bli ein realitet, sa Bergsvein Brøske på møtet på Nordvik.

Brøske spådde ei spanande framtid for Nordvik – det nye bustadfeltet blir liggande midt i smørauget med tanke på samferdsel på Nordmøre. Her kan du nå Kvernberget og Vestbase på ein time, sa han. Og Brøske meinte det var realistisk å starte utbygginga i 2024 – altså om 6 år – dersom vi alle vil dette og arbeidet for å løyse alle flokane. 2,4 mrd er den foreløpige prisen på prosjektet. Med utvida nedbetalingsperiode til 35-40 år, er det realistisk at dette prosjektet blir sjølvfinansierande sa Brøske.

Kanskje det er lurt å starte med planlegging av utviding av både forsamlingshuset og uthuset på Nordvik, slik at dei er budde på framtida. Det nye styret fikk i alle fall eit hint frå årsmøtet om at det kanskje var lurt å sette ned eit utval som kan jobbe med å utvikle tankane rundt forsamlingshuset med tanke på framtidas bruk.