Målprisen til Lars Steinar Ansnes

På årsmøtet til Nordmøre Mållag sist laurdag fekk Lars Steinar Ansnes målpris for 2017.

Målpris: Det var ein stolt Lars Steinar Ansnes som tok imot Nordmøre Mållag sin målpris. 

Nyheter

Leiaren i Nordmøre Mållag, Åsmund Ormset, sa at Ansnes får prisen for si «tydelege utvikling i målsyn og praksis.» Han poengterte og at  Ansnes sin blogg Fintenkjarplassen.blogg.no er eit framifrå døme på nynorsk som bloggspråk.

Ansnes er mest kjend som mangeårig redaktør for Aura Avis, men Nordmøre Mållag skriv i grunngjevinga si at «privat er han òg redaktør for Jul på Nordmøre og medlem i skriftstyret for Stangvik historielag sitt årsskrift. Dei siste åra har han vore med på å skrive to bøker om setring og anna utmarksbruk. Både som redaktør og privatperson tek han ansvar for språkleg rettferd og toleranse.» Det var ein overraska og stolt prisvinnar som sa at det forplikta å få ein slik pris, og at han vill halda fram arbeidet for norsk språk.

Årsmøtet, som var på Averøya sist laurdag, var elles prega av diskusjon rundt kommunane sitt manglande språkmedvit. Nordmøre Mållag er klar på at kommunane på Nordmøre i større grad må spegla det tospråklege samfunnet dei er ein del av. Årsmøtet vedtok ei fråsegn der dei oppmodar alle kommunane på Nordmøre om å vedta språkbruksplanar som vil vera med på å fremje bruk av nynorsk på alle område kommunen har ansvar for.