Bygda rundt i strålande sol

Tilnærma full sommar under Bygda Rundt i Eresfjord.

DELTAR: Både vaksne og barn deltar under Bygda Rundt. Ingen klasseinndeling.  Foto: Bjorn Overas

  Foto: Bjorn Overas

MOT REGISTRERING: Her er ein gjeng i Kolstadgata på veg inn mot registreringsposten på Øverås.  Foto: Bjorn Overas

MOTBAKKE: Motbakkar og motvind, men med stålvilje så går det bra!  Foto: Bjorn Overas

SYKKELBYGDA ERESFJORD: Bygda Rundt er berre eit av tre forskjellige sykelarrangement som idrettslaget står bak kvart år.  Foto: Bjorn Overas

FIRBEINT: Ikkje berre på to hjul, nokon firbeitne var også med p åturen rundt bygda.  Foto: Bjorn Overas

MANGE: Mange syklar og folk under samlinga på Coop’n etter sykkelrunden.  Foto: Bjorn Overas

Nyheter

Og veldig mange tok den om lag 13 km lange turen rundt bygda. Rekorden er 378. Kanskje var det like mange denne gongen. Oppteljinga var ikkje ferdig da dette ble skreve.

Sol og temperatur rundt 24 grader. Og berre blide fjes og smil å sjå. Rett nok ganske frisk vind frå søraust. Men da vart det tilsvarande medvind på andre sia av bygda under sykkelturen.

Bygda Rundt er ein tradisjonsrik sykkeltur som har vore arrangert på Kristi himmelfartsdag i 42 år på rad. Det er ikkje berre bygadfolk som deltar. Dei kjem også frå nabobygdene. Store og små.

Etterpå var det samling på Coop’n. Der fekk du kjøpe god mat hos Fjord Atmosfære. Til slutt var det trekking av gavepremiar samt eit gavekort med ein verdi på 4000 kroner.

Det er trimgruppa i Eresfjord IL som er arrangør av Bygda Rundt.

Bjørn Magne Øverås