Eit høgdepunkt på 17. maifesten i Bøfjorden kvart år er utdelinga av Trollbakkprisen - ein bygdepris som Bøfjorden Historielag har innstifta (i 2008) for å påskjønne nokon av dei mange som gjer ein ekstra inn sats for folket og bygda si.

I år kunne jury-leiar Randi Vetleseter Bøe dele ut prisen til familien Garthe på Settem gard, etter at ein einstemmig jury har bestemt at prisen skal gå til denne familien, som har gjort så mykje for Bøfjord-samfunnet.

Overrekkjinga utløyste spontan og langvarig applaus og vart tydeleg sett pris på av fullsett sal på nasjonaldagen.

Trollbakkprisen har mest symbolsk verdi og består av diplom og ei lita gåve - denne gong eit plommetre. Som juryleiaren sa: - Garden Settem manglar slett ikkje tre. Men kanskje veks det ikkje plommer i all skogen på garden?

Grunngjevinga for at familien får Trollbakkprisen 2018 er:

Gjennom fleire generasjonar har det særprega denne familien å stille seg positiv til fellesprosjekt for folket i bygda.

Det gjeld tomtegrunn til skytebane, fotballbane, grendahus, småbåthamn, fritidsområde som Mjøksanden, bueskyttarløype og sykkelbane.

Ikkje minst vil juryen framheve at familien har stilt ei rekkje slike område til disposisjon for bygdefolket utan tanke på eiga kommersiell forteneste.

Familien har endatil i stor grad stilt på dugnad med arbeidskraft og eigne maskiner.

Med si rause haldning til det som gagnar og gleder folket har årets prisvinnar gjort Bøfjorden til ei god bygd å bu i.

Tekst/bilete er innsendt av Bernt G. Bøe.