I går, fredag, framførte den nyutdanna mezzosopranen eksamensprogrammet heime i Valsøyfjord kyrkje. Saman med sin faste pianist og medinstruktør Else Bø serverte ho ein konsert som lova det beste.

Gjennom sommarviser av Tor Strand og Eldrid Lausund, opera-arier av Paisiello og Gluck (Orfeus og Euridike), fyldige songsyklusar av Dvorak, Ned Rorem og Amy Beach, ein kantatearie av Bach og eit sprudlande shownummer av Jerome Kern gav Torunn eit solid inntrykk av vokale ressursar og musikalsk disiplin.

Stemmen røpar både klangarven frå mor Turid Røen Kroknes og solid vidare skolering. Over eit register med stort omfang kling den som mjuk fløyel, ispedd silketrådar og stadig meir glans av sølv.

Tonetreffet er tilnærma plettfritt. Rytmisk og foredragsmessig disiplin røpar ein flittig student. Sjarm pregar både framtoning og framføring.

Muligens i meste laget «korrekt» var opninga av konserten, men dette kom seg etter kvart. Både Dvorak, Rorem («Fem dikt av Walt Whitman» med stor vokal spennvidde), den psykodramatiske Orfeus-arien, uttrykksvarmen hos Amy Beach og den artige «I want to sing in Opera» (Kern) viste innleving og godt utvikla tolkning. Som solist (og dermed «sjefen» på scena) kan Torunn godt dyrke denne sida av talentet og hente enda meir der. Ressursane har ho – frå det lågmælt intime til det store dramatiske.

Else Bø gav ikkje berre tonefølgje – ho er medmusikanten som skaper atmosfære via tangentane. Klaversatsane fekk eige liv, dei to musiserte i fortløpande duett. (Men klaverutskrifter av Bachs orkester- med bassoktavar og full sats - kling ofte tjukt og tungt sjøl i perfekt framføring som her – med triller og alt. Tynnare sats ville hatt betre og luftigare barokkeffekt.)

Som mellomspel  til mezzo-sopranens songbolkar framførte Else Bø på lekkert vis (nettopp) eit Inter-mezzo – opus 118 nr.2 av Brahms.

Vi ønskjer begge lykke til den 1. juni!

Tekst/foto: Bernt G. Bøe.

Les også: – Det vil bli alt fra opera til viser, fra kirkemusikk til lieder