Pinsa er ei av dei store høgtidene i året. Kyrkjehistorikarane skriv at sannings- anden kom til verda på pinsedag i form av ei due. Dette må imidlertid høyra til i kategorien "fake news." Menneskeslekta har vore på jorda i ca, fem millionar år, og jødedommen i over fire tusen. Og så skulle sanninga først ha kome med kristendomen som saman med islam er ein av dei yngste religionane som oppsto i Midt-Austen. Det er en dryg påstand.

Det usanne i dette kan sjølvsagt tilskrivast generell analfabetisme og kunnskapsløyse, men det er ingen grunn til å halda fast på gamal feilinformasjon slik som kyrkja gjer. Slikt kunne dei føra til torgs for den gemene hop på Jesu si tid, men ikkje til oss.

I Hellas var det vel filosofistudier og i Jødeland var det profetskular. men elles var det vel å setja seg ned ved ein vismann sine føter for å få lærdom. Vi har skular, medier og Internett som kan gi oss den informasjonen vi treng.

Kristi himmelfart var ein føresetnad for pinse. men ingen som er ved sine fulle fem trur vel at Jesus for til himmelen slik som det er skrive om. Dette er sikkert ein av dei myter, fablar og segner som Bibelen er full av. Men dette tøyset blir omgjort til sanne historier på mang ein prekestol i kyrkjer og bede- hus av folk som skulle veta betre. Himmelfarten er eigentleg eit tablå for standup-komikerne.

Sett ifrå ein annan synsstad enn den kristne så var Jesus i jordelivet sitt høg på ei grensesprengjande sjølvkjensle og utanforskap til omverda. Dei som er høge på eit eller anna stoff endar ofte på skråplanet. Jesus var utan tvil uønska av samtida si, og da var flukt einaste utvegen. Det verserte på den tida m.a ein egyptisk myte om fugl føniks som flaug opp av oska. Kan henda var det ei inspirasjonskjelde for den som seinare skreiv om himmelfarten. Men prose- lyttane kunne ikkje følgja sin mester og herre på ferda. Dei let saligdomen for ettertida gå direkte frå grava til Paradis.

Den sanninga som kom på pinsedag og skulle setja oss fri feila. Derimot tok den fridomen frå oss og fora oss med tvangstankar frå vogge til grav.

Det som vi heretter bør samla trua vår om er dei reglane for samliv og rett som er fastslege av mellomfolkelege organ i vår eiga tid. "Det gjev alle menneske rettar og fridomar som vi alle har i kraft av å vere menneske, uavhengig av kjønn, klasse eller etnisitet." (Google.) Dette gjev oss alle eit betre liv enn å vere underlagt religionar som plasserar ein førhistorisk Gud i sentrum.

Anne Petra Holten

20.05.18.