Vårsøghelga feirar 20-årsjubileum med Kulturskolen på Indre Nordmøre fredag 25. mai med å invitere tre tidlegare elevar som no satsar på musikken og skriv sine eigne låtar.

Jo Sverre Sande frå Rindal starta som tenåring i bandet Swiks, som laga musikk sjølv og som også gav ut fleire cd-ar.

Jo Sverre har dei par siste åra gjort seg bemerka med sine songar på rindalsdialekt og har med fleire av dei vore A-lista på NRK p1 – samt vore gjest både i Kveldsåpent, Nitimen og i God Morgen Norge på TV 2.

Han kom ut med full cd hausten 2017 med tittelen E og har turnert med musikken frå cd-en og nylaga låtar denne våren.

Hans Olav Settem har òg laga eigne låtar saman med bandet Whales & This Lake dei seinare åra, og blant anna hatt konsert på Billaget under Vårsøghelga for to år sidan.

Men han starta karrieren i Batteri, og deltok blant anna i MGP junior der berre The BlackSheeps stod i vegen for at dei kunne gå heilt til topps.

I Batteri fann vi også Brage Kristian Einum og Sondre Skogseth, som er med i bandet som skal akkompagnere artistane i Billaget i Vårsøghelga.

Øyvind Weiseth er vel den einaste av singer/songwriters som ikkje har spela med nokon i dette bandet tidlegare.

Han har gjort unna si utdanning ved Liverpool School for Performing Arts (LIPA) og undervegs gjeve ut fleire singlar.

Etter Liverpool har han gjeve konsertar både på heimebane, i Kristiansund og Trondheim og vore mykje spela på NRK Møre og Romsdal.

Med ein rindaling, ein surnadaling og ein halsalending markerer Kulturskolen sin interkommunale profil.

I bandet som akkompagnerer artistane finn vi i tillegg til Brage Kristian Einum (tangentar) og Sondre Skogseth (bass) også Olav Nergård Tørset (trommer, eks-Swiks og medlem i bandet til Jo Sverre) og Jøran Normann (gitar).

Desse er alle tidlegare elevar ved Kulturskolen og i ettertid vist seg fram som musikarar av høg kvalitet.

Kulturskolen plukka ut desse med bakgrunn i at dei har rokke å bli rutinerte samt at fleire av dei har spela saman i fleire samanhengar.

Dei skal også akkompagnere Silje Botten som skal synge eit par songar saman med dei.

Sigrid Fivelstad gjekk kunstfag ved Kulturskolen, og har i det siste vist seg fram som performancekunstnar, blant anna med utdanning frå Universitetet i Bergen.

Og kulturskolen i Surnadal kan vise til gode resultat også frå før den vart interkommunal for 20 år sidan.

I Billaget får vi nemleg gjenhøyr med Famntak – som først gjekk på scena i 2003, men med medlemmar som har bakgrunn frå den kommunale kulturskolen i Surnadal – Trygve Brøske, Jostein Ansnes, Tone Søyset Døving og Anders Larsen.

Profilerte artistar kvar for seg kom saman som eit prosjekt med dikt av Hans Hyldbakk som Henning Sommerro hadde tonesett, og gav også ut cd med denne musikken.

Seinare kom dei med ny cd der dei sjølve hadde sett melodi til dikt av lokale lyrikarar.

Og sjølvsagt har dei vore å oppleve live ei rekkje gonger opp gjennom åra sidan 2003.

I Billaget fredag kveld i Vårsøghelga, får vi altså oppleve dei saman igjen, og saman med dei yngre artistane vil dei nok bidra til å trekkje fullt hus til ein innhaldsrik og allsidig konsert.