Å sitte på Kleivatunet og skue bort på Hjelmane i kveldssola medan ein får god underhaldning frå scena på Kleivakvelden er noko av det mest magiske og spesielle med Vårsøghelga.

Denne våren har vi igjen vorte påminna Vårsøgbegrepet, gjennom 120-årsdagsmarkeringa av kleivakongen (populært kalla på folkemunne) Hans Hyldbakk, 8. mai.

Vårsøg, diktet Hans Hyldbakk skreiv fredsvåren 1945, har oppnådd lokal, nasjonal og internasjonal merksemd, ikkje minst igjennom melodien til Henning Sommerro. Vårsøg har vore kåra til Norges vakraste vise, og når Kleivakveldpublikummet syng Vårsøg saman med Henning og John Pål, får sjølv den mest hardbarka av oss gåsehud. Vi er ikkje Norges største festival, men vi kan måle oss med dei vakraste – med nordmørsnaturen som festivallokale.

Kongstankane, som er førande for programmet under Vårsøghelga, er sterkt inspirert av «kongen» Hans Hyldbakk. Orda, musikken, humoren i alvoret, det melankolske, romslegheita og folkelegheita, alt det har vi med. Difor er vi veldig glade for å kunne presentere Ida Jenshus som hovudartist på Kleiva; vi kjenner oss att i musikken og tekstene hennar, og ho har vorte ei viktig stemme i midt-norsk populærmusikk.

Enda meir lokalt preg blir det på fredagskvelden på Surnadal billag. Vårsøghelga er med og feirar at Kulturskulen på indre Nordmøre er 20 år i år. På det nye kulturhuset vårt, «Billaget» på Øra, får du difor møte aktive unge låtskrivarar og musikkutøvarar frå KIN-kommunane Halsa, Rindal og Surnadal, alle tidlegare kulturskule-elevar og som i dag har teke steget ut i den norske musikkbransjen. Dei litt eldre musikkskule-elevane i gruppa Famntak får vi eit gledeleg gjenhøyr med på same arrangement.

Vi har lenge hatt eit langt og godt samarbeid med Surnadal Hornmusikk, som spelar på Kleivakvelden kvart år, med bakgrunn i at Hans Hyldbakk var spesielt glad i korpsmusikk. Kva er da vel meir naturleg enn å invitere til samspel mellom Øystein Baadsvik og hornmusikken i korpsets år 2018?

Ein av kongstankane er òg at Vårsøghelga skal vera både for pub- og kyrkjegangarar. I år skal kritikarroste Knut Reiersrud og Iver Kleive fylle Stangvik kyrkje med sin vakre tonar frå Blå Koral og andre verk, medan på pianopuben laurdag vil sambuarparet Brage Kristian Einum og Lisa Botterli Flostrand skape liv på Gammelsamvirkelaget.

Så vi håpar og trur det skal vera noko for alle under Vårsøghelga 2018 óg. Vi må ikkje gløyme at dei små er inviterte til konsert med Hulbækmo og Jacobsen, ungdommen på Henningtime og for dei som er interesserte i filosofi har vi eit spennande program om fredsfilosofen Baral i samband med reopninga av Kallastua. Kunstnaren Anne-Karin Furunes er årets Vårsøgutstillar. Ho er vidt kjend for å lage bilete ved perforeringsteknikk og skal vera noko for både kunstkjennarar og lekmenn. Vårsøgtorget byr som alltid på mykje spennande og godt frå lokale utstillarar, og sjølvsagt græt og bakels!

Til slutt: alle må prøve å få med seg ein klassisk konsert med eit av Norges fremste og mest spennande kammerensemble, Engegårdkvartetten, i Svinvikas arborèt – der Vårsøget vil vere på det aller sterkaste!

God Vårsøghelg!

Gerd Ingrid, laget Vårsøg