Fylkesrådmann i Møre og Romsdal, Ottar Brage Guttelvik, meiner eit deponianlegg på Raudsand i Nesset kommune kan føre til «vesentleg tap av det omdømet Møre og Romsdal har som naturbasert reiselivsdestinasjon og som marin matvareprodusent, og dermed også vere negativt for framtidig vekst og næringsliv i fylket.»

Han tilrådde dermed fylkesutvalget å seie nei til reguleringsplana frå Bergmesteren Raudsand.

Saka var oppe i utvalget måndag, og i tråd med tilrådinga - mot to stemmer - stemte fylkesutvalget nei til planane om nasjonalt deponi for farleg avfall på Raudsand.

Det var berre Høyre sine to medlemmar i utvalget som sa ja til reguleringsplana.