25 laks var fasiten etter første helga med fiske i Surna og fram til tysdag formiddag er det teke 34 laksar. Den største som er teke så langt er 10,5 kilo.

Etter at Gerald Grewe ved Brekkøya Camping skaut opp raketten som markerte starten på årets laksefiskesesong ved midnatt, gjekk det ikkje mange minutta før første laksen var eit faktum.

Tre minutt tok det før laksen hogg på flua ved Kristen Mogstad, som fiska i Korsahølen ved Honnstad.

– Han tok i som ein tulling, gjekk strakt forbi meg så det plystra i flugesnøret da han passerte, fortalde han til Driva. Den smekre laksen vog 7 kilo.

34 laksar så langt

Ein titt på laksebørsen tysdag formiddag avslører at det så langt er teke 34 laks i Surna sidan starten.

Den største hittil er ein laks på 10,5 kilo, som Kjell-Erik Nyseter drog på mark i Bruhølen søndag ettermiddag.

Optimismen blant laksefiskarane før startskotet gjekk var dermed berettiga. Med tanke på laksebettet ser det ut til at god vasstemperatur har kompensert litt for lita elv, akkurat som dei spådde på førehand.

Trass i nokre regndropar siste døgn er elva framleis svært lita og ein titt på langtidsvarselet viser tørt og varmt vær også i perioden framover.

Fem laksar på fire dagar

Den som har teke flest er ein lokal fiskar; Marvin Haugen frå Todalen. Han har drege tre laks (7,5 – 8,8 – og 6,5 kilo), alle tre på sluk i hølen «Advokaten» på valdet han har leigd på Ytre Skjermo.

Sonen Kjetil Haugen er heller ikkje mykje dårlegare; han har teke to i akkurat same hølen. Ein på 7,5 kilo og ein på 7,6. Også desse på sluk.

– Første kvelden skulle eg berre visa han valdet som eg hadde leigd fram til tysdag klokka 10. Men da eg prøva eit kast satt den på, og ikkje lenge etter fekk Kjetil ein og da han prøva eit kast medan eg bar opp min. Begge var landa med 20 minutts mellomrom og begge var 7,5 kilo, så det var frykteleg artig! Og sjøl om det er artig å få laks sjøl og, så tykkjer eg det er mykje artigare at Kjetil fekk laks. Han har aldri drege storlaks før, seier Marvin.

Ferdig med storlakskvota

Marvin fekk opp sin andre laks den andre morgonen, ein flott laks på 8,8 kilo. Og medan Kjetil drog sin andre (7,6 kg) på ettermiddagen måndag drog Marvin like godt sin tredje på land her og seinare same kveld, denne gongen ein på 6,5 kilo.

– Det passa godt for eg hadde valdet berre fram til klokka 10 tysdag, smiler Marvin. – Alle laksane har vore tjukke og runde, så det er tydeleg at det har vore eit skikkeleg godt matår, legg han til.

Dermed er Marvin ferdig med storlakskvota si i Surna og har berre tre smålaks att. Han fortel at han aldri har opplevd liknande laksestart, og at det dreier seg mykje om flaks.

– I fjor var det ein annan plass som var best, men eg tok ein råsjanse og leigde vald her i år. Det lønte seg, det dreier seg mykje om flaks dette. Både jakt og fiske er alltid eit sjansespel, seier han.

– Surna er for lita no

Akkurat dette valdet var brukbart å fiske i no, men han tykkjer generelt elva er for lita.

– Elva tåler å bli lita der eg fiska, men generelt er Surna for lita no. Mange har kjøpt vald men har tørr elv, seier han.

No blir det ein liten laksepause, før han skal prøve i Søya når fisket der opnar 15. juni.