Det var i 1968 det heile starta for Mo Skulekorps - med blokkfløyter og med Trond Larsen som instruktør.

Ole Håndstad minnest oppstarten, og var med som aspirant i blokkfløytekorpset.

I 1969 vart det innkjøpt instrument, og det året spela dei også offentleg for første gong.

- Eg vart med i 1970, fortel Erik Moen, som har vore eldsjel og dirigent.

Torsdag kveld inviterer altså korpset til jubileumskonsert i gymsalen ved Mo Oppvekstsenter, og i tillegg til å feire 50 år med skulekorps, skal vi også vere med på å takke av Erik Moen som dirigent.

- Ja, eg tykkjer eg har vorte for gammal. Eg klarar ikkje heilt å henge med på den nyare musikken som dei unge helst vil spele, smiler han.

Driva besøkte korpset på øving måndag kveld, og konstaterer at det er skuleborn i alle aldrar med i korpset.

- Vi må ha med nokre vaksne til å bidra med å fylle opp instrumentgruppene på ein så liten stad som Mo skulekrets, forklarer Erik Moen.

Og vaksengruppa i korpset titulerer seg sjølv som «hjelpekorpset».

Men det spirar og gror i yngre rekker. Vi var òg innom instrumentvising for aspirantane tidlegare på dagen.

Seks aspirantar sat som tende lys og overvar ein minikonsert med treblåsegruppa saman med instruktør Sander van der Loo.

Og så fekk dei sjå nærare på klarinettar, tverrfløyte og saksofon.

Ein liten runde med å sjå på diverse slagverk og perkusjon vart det òg. Så fekk dei utdelt påmeldingsskjema med det gode råd å fylle ut same kveld, og levere det på skulen dagen etter.

Dei nye skal starte med althorn, fløyte, klarinett, kornett og trommer - og vil etter kvart bli viktige tilskot til korpset.

Torsdag 7. juni får vi sjølvsagt høyre vertsskapet, Mo Skulekorps i fleire omgangar, og i tillegg Surnadal Skulekorps, songkoret Tormod og musikkorpset Blæst’n.

Og så blir det sjølvsagt kaffepause med loddsal.