Mo Skulekorps fyller 50 år i år, og inviterte i det høvet til stor konsert med innbedne musikalske gjestar i gymsalen på Mo Oppvekstsenter torsdag kveld.

I tillegg til dei sjølv med god hjelp av "Hjelpekorpset", fekk vi høyre Surnadal Skulekorps, songkoret Tormod og musikkorpset Blæst'n frå Rindal.

Og så vart det fellesnummer med alle tre korpsa med den feiande marsjen "Precision" til slutt der dirigent Erik Moen ytra ønsket om at taket måtte løfte seg. Og det var nok i alle fall nære på.

Styreleiar i Mo Skulekorps, Hugo Pedersen, opplyste at dei seinare i jubileumsåret vil ha ei eiga feiring der temaet blir historikk og gode historier frå 50 år med skulekorps.

Men torsdag kveld stod først og fremst i musikkens teikn, sjølv om pensjonert rektor Olav Joli gav oss eit lite innblikk i prosessen med å starte opp eit korps.

Øverbygda har alltid hatt sine eldsjeler, og det gjer sjølvsagt ein slik prosess mykje enklare, men sjølv om prisen på korpsinstrument var mykje lågare den gongen, var det eit stort løft etter den tidas kroneverdi.

Han trekte også fram Trond Larsen som starta undervising på blokkfløyte i 1968 før dei kunne gå i gang med innkjøp av instrument.

Dei starta med ein dirigent som ikkje vart verande så lenge, og då passa det bra at Erik Moen kom inn i korpset i 1970.

Han har vore litt til og frå som dirigent sidan den gongen, men er heilt klart den som har flest timar med korpsungdommane på Mo.

Elles opplyste Joli at det har vore litt til og frå med korpset òg, så dei måtte ta eit krafttak for å verve medlemmar. Men med hjelp av vaksne støttespelarar har korpset no bra rekruttering i ei lita grend.

Styreleiar Hugo Pedersen seier seg i alle fall glad for at korpset har vald å behalde sitt opprinnelege namn også med vaksne medlemmar.

Erik Moen har varsla at jubileumskonserten også markerer hans avgang som dirigent, sjølv om han nok vil vere med som støttespelar også i tida framover - og som musikar i "Hjelpekorpset".

Korpstur ligg også inne i programmet i jubileumsåret, og då kjem det godt med å få 2.500 kroner i gåve frå songkoret Tormod og kr 3.000 frå Surnadal kommune. Fungerande ordførar Helge Røv var til stades og overrekte gåva.