NåDa er eit nasjonalt kunstprosjekt for ungdom i alderen 12–18 år. Gjennom aktiv deltaking i samarbeid med ein biletkunstnar skal dei skape kunstprosjekt med utgangspunkt i lokale kulturminne.

Prosjektet er initiert av Norske Kunstforeinger og mottek støtte gjennom ei nasjonal gåve frå Sparebankstiftelsen DNB.

Eit mål for prosjektet er det også at ungdommane skal få innsikt i samanhengen mellom kulturminne og samtidskunst, og såleis utvikle ei forståing for korleis kunstnarar tenkjer og arbeider.

På den bakgrunnen møtest kunstforeininga med kunstnar og ungdommar på Surnadal Bygdemuseum på Åsen.

Møre og Romsdal er faktisk litt spesiell i denne samanhengen med at to kunstforeiningar er teke ut – i tillegg til Surnadal også Volda og Ørsta kunstlag.

Kunstnar Karianne Stensland med base i Trondheim er hyra inn til å leie prosjektet – og saman med Surnadal kunstforeining har ho kome fram til nokre idear – som sjølvsagt må vidareutviklast.

– Vi må søke å havne i ein prosess, og eg må understreke at vi er i den speide begynnelse der løpet ikkje er lagt, sa ho innleiingsvis rundt langbordet på vollen ved Åsen.

Idear å jobbe med kan vere å kople teater og bildekunst, og Stensland minna surnadalsungdommane på at dei har ei veldig kul dialekt som kan vere noko å bygge på.

– Kva gjer de når de får ein god idé? Skriv de det ned?

Fram mot dagane i august når prosjektet skal setjast ut i livet, kan det i alle fall vere ein god idé å notere gode idear.

Ei lita heimelekse fekk dei med å samle ord som surnadalingane truleg er åleine om – og samtidig ta inn ord som ungdommane sjølv brukar i sin daglegtale – og skriftleg i chattespråk.

– Visste de forresten at det har vore ein knappefabrikk i Surnadal? spurte Stensland.

Ho røpa at ho har knappedilla, og leiar i Surnadal kunstforeining, Marit Larsdatter Moen, fann fram ein stor kasse med knappar samla på Åsen.

Å stikke nevane ned i ein kasse med knappar, ause dei opp og la dei renne mellom fingrane var fascinerande, og kan sikkert verke idéskapande òg.

Og det er mykje du kan gjere med knappar, som å træ tråd gjennom og la knappen snurre. Dette gjev òg ein spesiell lyd, som set kunstnaren på ideen om å gjere opptak av lyden – forsterke den opp og kanskje bruke den som del av ei framsyning.

Då blir det store spørsmålet – kva ender vi opp med? Ei utstilling? Ein performance?

– Blir det for skummelt? Blir det for mykje jobb? Det viktigaste er at det blir artig, men samtidig må vi hugse på at kunst er heller ikkje berre artig, seier Stensland.

Ho er oppteken av å kome inn i tankane til dei lokale ungdommane for å finne ut kva dei ser for seg.

Kunstnaren har i samarbeid med ungdommane kome fram til at sjølve prosjektet skal gjennomførast 13.–18. august, altså veka før skulestart.

– Vi har i alle fall ein gjeng med kreative jenter med oss, men kunne godt tenkje oss å ha med nokre gutar også, og alle mellom 12 og 18 år som kan tenkje seg å vere med på eit spennande prosjekt, er hjarteleg velkomne til å delta, seier Marit Larsdatter Moen.

Så ser vi i spenning fram mot ei framsyning av eitt eller anna slag i august.