Katarina Wedelsbäck Bladh fikk seg nok ein støkk, da ho fikk besøk av gaupa rett utafor kjøkkenvinduet måndag kveld. Katarina som er fagleg ansvarleg i Svinviks arboret, bur i servicebygget på arboretet, og satt ved kjøkkenbordet og jobba da ho fikk besøk.  – eg kika tilfeldig vis ut gjennom kjøkkenvinduet, og der kom gaupa spaserande, fortel Katarina til Todalen.no.

Katarina fikk summa seg såpass at ho fikk sikra seg eit bileta av kveldsgjesten. Foto: Jon Olav Ørsal

Den kom liksom litt stoms på da, men heldigvis hadde eg mobiltelefonen med kamera i nærleiken.  I forfjamselsen vart det først eit par bilder der gaupa kanp var synleg, med fikk no eit bilde da som kan brukast som «bevis» på den korte visitten.  Gaupa kom faktisk spaserande etter gardsvegen som går forbi servicebygget her og den spaserte i ro og mak vidare utover og forbi fjøset før den kom bort.

Katarina har ikkje sett gaupe i levande live før, så ho tykte det var artig. Men ho innrømmet at ho sjekka ein ekstra gong at ytterdøra var stengt og at vinddua var lokka før ho gikk til sengs den kvelden.  Katarina tykte det var veldig artig å få slik besøk, og det viser at vi bur tett innpå naturen sier ho.