Etter forskriftsendring i 2017 er det forbode å fiske etter laks og sjøaure frå båt i perioden frå og med 15. april til og med 30. september i munningsfredingssoner i Møre og Romsdal.

Fylkesmannen ser behov for å minne om reglane for fiske etter laks og sjøaure i munningsfredingssonene, etter at Statens naturoppsyn har registrert mykje ulovleg aktivitet i dei ulike kommunane. Vi presiserer at det er fiskaren sitt ansvar å oppdatere seg på gjeldande regelverk.

Forskrifta for Møre og Romsdal vart endra 8. mai 2017, og alt fiske etter laks og sjøaure frå båt i munningsfredingssonene er etter dette forbode i tida frå og med 15. april til og med 30. september.

Likeins er alt fiske med kastenot, snurpenot, drivgarn, settegarn og liknande reiskap, kilenot, krokgarn, botngarn, lakseverp og liknande innretning, samt oter og dorg forbode i fredingssona i same tidsrom. Dorg er fiske frå båt i rørsle med handsnøre og fiskestong med reiskap som eignar seg for å fiske laks og sjøaure.

Forbodet i munningsfredingssona gjeld ikkje fiske med stang frå land i den tida det er lov å fiske etter sjøaure i elver som har utløp i fredingssona. I soner som omfattar fleire vassdrag følger fisketida med stang frå land fisketida for sjøaure i det strengast regulerte vassdraget i forskrift. Eksempel frå Sykkylvsfjorden: Her er det i ifølge forskrifta, Ikorneselva og Riksheimelva som har det strengaste regulerte vassdrag, noko som betyr at fiske med stang frå land er lovleg i tidsrommet 15.06. – 15.07.

Statens naturoppsyn vil følge opp aktiviteten med oppsyn og kontroll både frå land og frå sjø. Ulovleg fiske vil bli politianmeldt.

For å sjå fredingssonene på kart, sjå www.gislink.no. Zoom inn på aktuelt område på kartet, klikk på «Jeg ønsker å…». Vel «slå av og på kartlag» og hak av for kartlag «kyst/fiskeri» og deretter «anadrom fisk» og «fredingssoner for laks og sjøaure» (må «scrolle» eit stykke nedover). Då kjem det opp symbol på kartet med ein strek mellom som angir munningsfredingar med avstand >100 m frå utløpsosen i dei aktuelle vassdraga.