Ove Magne Aasen har teke over som leiar for Surnadal Jeger- og fiskerforening (JFF) og ser no fram mot ei hektisk helg der foreininga er involvert i fleire aktivitetar i Norsk Laksefestival.

Torsdag kveld hadde Surnadal JFF som vanleg regien på arrangement for unge fiskarar ved Glønavatnet på Nordmarka, og ein fisketur der dei aller fleste opplever å få fisk, bidreg heilt sikkert til å rekruttere nye fiskarar.

Når dette står på trykk, er også Camp Villaks godt i gang med oppstart på torsdag.

Dette er eit samarbeid mellom Surnadal JFF, Surnadal kommune og Surna Elveeigarlag.

Det var vellykka i fjor med 16 deltakarar, og i år er campen full med heile 18 ungdommar på plass – deriblant fleire jenter, noko arrangørane av campen tykkjer er ekstra artig.

– Det vart teke laks i fjor, noko som var viktig for at ungdommane skulle kjenne på spenninga og kanskje bli bite av basillen. Og at det er fulltbestilt i år, tyder på at vi må ha lykkast i fjor, seier Ove Magne Aasen.

Det er først og fremst Gøran Bolme som leier villakscampen, og Ove Magne kan ikkje få rosa den mannen nok for jobben han gjer med å gjere ungdom interessert i fiske og friluftsliv generelt.

Surnadal JFF står også for det årlege andeløpet nede ved Brekkøya, og Ove Magne håper på passe stor elv.

– Vi treng såpass mykje vatn i elva at vi kan setje ut båtar for å fange inn endene att, samtidig som vi vil helst ikkje ha direkte flaum, seier han.

I år har dei rekna ut at dei ikkje får hjelp av floa heller, så då treng ein god vassføring for å få gjennomført lotteriet.

Jeger- og fiskarforeininga tok over ansvaret for andeløpet etter at Lotteritilsynet hadde innvendingar mot den kommersielle biten.

– Det er ikkje bestemt kva inntektene av årets andelotteri skal brukast til, men det er berre for lag og organisasjonar å kome med førespurnad, så kan det hende at det ender med ei oppfordring frå oss om å sende eit skriftleg oppsett over kva dei ønsker å gjere med å opprette fiskeplassar, gjerne med tanke på å lokke ungdom til å fiske, seier han.

Pengane frå i fjor er i ferd med å bli brukt i Toåa.

Eit initiativ frå Todalen IL og andre eldsjeler i Todalen har resultert i eit prosjekt med rydding av gangsti langs Toåa med bygging av gapahuk.

– Føresetnaden for slike prosjekt må vere å auke tilgjenget for allmennheita, og vi vil gjerne også fokusere på å auke fiskeinteressa blant unge, og ser slik sett at turstien langs elva er eit godt prosjekt også med tanke på betre folkehelse.

– Tilgjenge til elva medfører sjølvsagt noko skogrydding. Ser de attgroing av elvebreiddene som eit stort problem?

– Det har vel alltid vore litt krattskog langs elvebreiddene. Eg meiner det største problemet langs Surna er lupinene. Frø frå lupiner som blir ført med straumen, gjer at steinører som elles skulle ha stått opne veks att. Lupinene kjem først, og så dannar det seg etter kvart eit jordsmonn på steinørene med tilgroing av annan vegetasjon. Lupinen er ein svartelista art i Norge, men Surnadal kommune har ikkje nokon politikk på å få bukt med uhumskheita. Eg kan nemne at Midtre Gauldal kommune har to tilsette i sommarhalvåret som bekjempar lupiner på full tid. Dei reinskar vegskråningar og elvebreiddene langs Gaula, og fjernar jamvel lupiner i privatfolk sine hagar – sjølvsagt i forståing med hageeigarane.

– Har denne attgroinga innverknad på artsmangfaldet langs elva elles?

– Eg kan nemne elvesandjegaren, ein billeart som er heilt forsvunne her i Surna. Eg hugsar denne spesielt etter ein skuletur der vi var innom Vitskapsmuseet i Trondheim, og der eg såg ein elvesandjeger montert på ei nål. Rart kva som sit att etter ein slik ekskursjon. Men det er klart det går utover fleire artar som lever i miljøet på steinørene, men som blir fortrengt når desse veks att.

– Det blir mykje snakk om elva no fram mot laksefestivalen. Er de opptekne av sjøfiske?

– Jau, Surnadal JFF står også som medarrangør av ein årleg sjøfiskekveld på Nordvik.

– Det er litt typisk for eldsjeler at dei har mange ballar i lufta samtidig. Vi har forstått at det gjeld for deg òg?

– Eg har vel litt for mange ja. I tillegg til vervet som leiar for Surnadal JFF, sit eg som leiar av Vindøldalens velforeining, og som 1. vara til kommunestyret for Surnadal Høgre, blir det ein tendens til at eg er meir inne i kommunestyret enn utanfor. Og så trenar eg Surnadal jenter 14 år i fotball. Til dagleg er eg lærar ved Surnadal ungdomsskole, men det er noko eg tykkjer passar godt å kombinere med å vere leiar i jeger og fiskarforeininga. Det blir lettare å fange opp elevanes friluftsinteresse då.