Med erfaring sia 1960-åra heldt den pensjonerte politimannen eit flott biletkåseri. Mest om funn av gamle skipsvrak, men også med fascinerande glimt av dyre- og planteliv i sjøen. Dei 45 frammøtte fekk oppleva historie og biologi dei knapt visste om.

Det starta med funnet av ei 1600-talsskute innafor den noverande Atlanterhavsvegen for nokre år sidan. Frakteskipper Ottar Aanes lasta skjelsand da han fekk gammelt treverk i grabben. Han ante sensasjon, og dykkarar undersøkte treverket. Det viste seg å vera trelastskuta «Der Graue Adler» (Den grå ørnen), som gjekk ned her i 1696!

Frå dette eldste vraket vandra Nils Aukan med gode foto gjennom tallause skipsfunn han har vore med på. Bileta frå havdjupet vart komentert med grundig kunnskap.

Det engelske dampskipet «Hilda» endte sine dagar i 1875 - skipsklokka heng i dag på Nordmøre Museum. Den flotte fullriggaren «Stella» av Arendal forliste ved Lyngvær på Smøla i november 1920 – som ei av dei siste store seglskutene.

I 1940 var landets første damptrålar, «Borgenes» frå rederiet O. Wirum i Kristiansund, blant dei mange båtane som tyske okkupantar konfiskerte. Under namnet «Rugier» dreiv den vaktteneste utanfor byen, men grunnstøytte og sokk ved Langholmen.

Ironisk skjebne for DS «Bøfjord»

For folk på museet var skjebnen til fiskedamparen «Bøfjord» eit interessant kapittel. Båten, bygd ved Mikkelgarden i 1914 og ein viktig del av Bøfjords Rederi, vart tysk bytte (som «Sachse») i 1940. Lasta med ammunisjon eksploderte den ved Storvik i Kristiansund same året. Nils Aukan og Øivind Grødal var i 1974 nede ved restane av vraket og fann både våpen, udetonert ammunisjon og utstyr etter det tyske mannskapet. - På ei beltespenne stod det tyske slagordet «Gott mit uns» - Gud med oss, sa Aukan og føydde til: - Men det var han jo altså ikkje!

Dette tyske rovet fortonar seg ironisk når ein veit at mannskapet på «Bøfjord» nokre år før hadde berga forliste tyske fiskarar i Østersjøen og for dette var premierte av rikspresident Hindenburg personleg.

Frå krigens dagar viste Aukan også funn frå shetlandsskuta «Nordsjøen», som under sabotasjeoppdrag hausten 1941 forliste ved Golma på Tustna. Som elles i foredraget med imponerande detaljkunnskap.

Den tragiske feiltorpederinga av hurtigruta «Irma» i 1944 gjorde inntrykk på forsamlinga – ikkje minst på grunn av kåsørens grundige dokumentasjon – bl.a. etter samtalar med overlevande.

Siste del av biletserien – om biologi under havet – vart ei fascinerande reise i ukjent og fargerikt miljø blant korallar, steinbit, breiflabb, trippelparande sjøharar og andre frodige «fabeldyr».

Jau – Nils Aukan er levande leksikon og ypperleg forteljar. Og ikkje minst ein dyktig fotograf!

Dei fleste bileta til artikkelen er knipsa frå lerret under foredraget.