Joel Hirschi fra Sveits og Khalifa Al Ghafri fra Dubai jubla skikkeleg da dei gjekk inn for landing etter å ha vore delaktig i laurdagens verdensrekord i basehopp frå Strandkolvet i Eikesdal. Det vart til slutt 67 hopparar som landa trygt nede ved vegen og ved vertshuset like etter klokka 18 laurdag.

Vel hundre basehopparar kom til Eikesdal fredag for å førbu seg på det som skulle bli ein skikkeleg verdensrekord i basehopping. Den gamle rekorden var og sett i Eikesdal. I 2010 kasta 53 hopparar seg utfor fjellet på samme tid.

Skodda låg lenge tung i fjellsida laurdag. Ein del av hopparane bestemte seg difor for ikkje å gå opp til Katthammaren, eller Strandkolvet, som det vart understreka frå lokale folk at utspringstaden heiter. Fleire snudde undervegs da det ikkje såg ut til at det ville bli forhold for å hoppe.

Etter fleire timars venting fekk sola taket slik at det vart ei opning for å hoppe. 67 hopparar gjorde seg klare. Mange var utstyrt med flaggermusdrakt og kom susande rundt fjellet for så å lande trygt på området ved vertshuset.

Ikkje i Guinness

Jesper Ringstad og Hans Henrik Juster var mellom dei som ikkje hoppa laurdag. Dei meinte skodda gjorde det for vanskeleg. Samme konklusjon gjorde Espen Fadnes fra Molde. Han har hatt ei koordinerande oppgåve rundt verdensrekordførsøket og er glad det trass i skodda vart sett ny verdensrekord.

Rekorden blir ikkje godkjent for opptak i Guinness. Fadnes fortel at dei krev at samtlege hopparar må setje utfor i løpet av tre sekund.

– Vi la ikkje opp til det på grunn av skodda.

Kanskje nytt forsøk

– Fadnes ser ikkje vekk frå at det kan bli gjort nok eit rekordforsøk på søndag.

– Vi skal samlast laurdag kveld og diskutere dette. Det er ikkje sikkert alle er innstilte på å vere med på nok eit forsøk. Vi får sjå kva vi kjem fram til.

Hundrevis av tilskodarar sto oppstilt langs Eikesdalsvegen nedanfor utspringstaden og ved vertshuset. Dei fekk lønn for ventinga da hopparane kom susande frå fjellet.

Vertshuseigar Nikolai Finset med medhjelparar fekk ein travel laurdag. Det vart seld mykje god mat og drikke i løpet av ettermidagen.

- Artig med så mykje folk. Vi har hatt ein travel sommar ved vertshuset så langt, fortel Finset.