Dei fleste biblioteka er med på «Sommarles», ein kampanje for dei unge som skal stimulere til å bruke sommaren til å lese. Lesekampanjen går mellom 1. juni og 1. september, og skal bidra til at leselysta blir halde varm gjennom heile sommaren. Dette er særs viktig for dei yngste, slik at leseferdigheitene ikkje tapar seg gjennom to månader med skuleferie. «Sommarles» er for dei som kjem til å gå 1.–7. klasse til hausten, og fleire lærarar gjer difor sitt for å motivere elevane før skuleslutt til å «sommarlese». Så viser også statistikken at det er flest deltakarar mellom dei som gjekk 1.–3. klasse i vår. Det skriv Surnadal folkebibliotek i ei pressemelding.

36 prosent av surnadalingane i den aktuelle aldersgruppa er med på «Sommarles»; det er ei oppslutning som ligg godt over snittet for fylket (27,5 prosent). Enno viktigare; det er ein fin framgong frå åra før (24 prosent i 2016, 34 prosent i 2017). Dei 161 lesarane frå Surnadal som er med i år har registrert at dei har lese 132.075 sider og 1540 bøker. Det er meir enn totalt i 2016 (126 333 sider), og ein ligg også an til å passere 2017-tala (177 815 sider) på den halvanna månaden som er att.

Noko av suksessen til «Sommarles» må tilskrivast flotte nettsider (sommarles.no), der alle får sin eigen brukarprofil. Her kan alle registrere kva dei har lese, samt gjera mykje anna, som å løyse oppgåver som dei får digitale premiar for. Lesarane får også fysiske premiar (som armband, frisbee og bokmerke) når dei har lese så og så mange sider. Surnadal folkebibliotek trekkjer også ut tre deltakarar, uavhengig av kor mykje dei har lese, etter at kampanjen er over. Desse vil få gåvekort på bokhandelen.

Og ein må vel seie at kampanjen motiverer, for Surnadal folkebibliotek har fått tilbakemelding om at nokon har stått opp klokka fem om morgonen for å lese nok til å vinne ein premie før dei skulle på biblioteket den dagen …

Om vi ser på landet i det heile, er det registrert at det er lese 77 millionar sider, og det er spesielt «Detektivbyrå nr. 2»-bøkene til Jørn Lier Horst, «Gutta i trehuset»-bøkene til Andy Griffiths og «Amuletten»-serien til Kazu Kibuishi som er mest populære. Ja, det er berre «Bukkene Bruse» som kilar seg mellom desse tre seriane over dei 29 mest leste bøkene i sommar.

Oppslutninga er for andre kommunar i nedslagsfeltet:

Aure 90 deltakarar/33 prosent

Averøy 134/29 %

Eide 150/44 %

Gjemnes 30/16 %

Halsa 23/18 %

Kristiansund 382/19 %

Nesset 64/31 %

Smøla 124/79 %

Sunndal 151/28 %

Tingvoll 59/24 %

(Rindal ser ikkje ut til å vere med i år)