Den tørre sommaren skaper problem for fleire enn dei som er bekymra for grasavlingane. Vassføringa i dei fleste elvane er på eit minimumsnivå, noko som skaper problem for laksefisket.

Står i kulper

Øyvind Holte i Surna seier det er mykje fisk som går opp i elva når det flør, men vassføringa i elva er lita. Laksen går opp i kulper og blir ståande. Med lite vatn – som attpå til har høg temperatur, blir det lite oksygen i vatnet. Det gjer at laksen blir slapp og lite bitevillig.

Surna er stengt for fiske ovanfor Solem bru. Holte fortel at det står mykje fisk i kulper oppe i elva. Spesielt ovanfor kraftstasjonen og vidare oppover.

– Inntrykket mitt er at det går mykje laks opp i elva, men at den blir ståande. Når temperaturen kjem over 20 grader over tid kan det bli kritisk.

Holte håper på nedbør.

– Det er lite vatn også i Folldal og Gråsjøen.

Den største laksen som er teke i Surna så langt i sesongen vog 14,8 kilo. Den vart teken av Stein Torvaldsen på flue den 11. juni.

Lite vassføring også i Eira

Utfordringa med lite vatn er den same også i Eira. Per Even Opsal fortel at fisket er best nedanfor Syltebø bru.

– Laksen står og stangar nedanfor brua. Vassføringa i elva er no om lag på same nivå som på tampen av august etter at Mardalsfossen er stengt.

Opsal seier det skal mykje regn til før det gjev kraftig utslag på vassføringa i Eira.

– Eira er ikkje slik som Surna som flyg opp når det kjem regn. Her er det Eikesdalsvatnet som er magasin. Elva stig litt når det kjem regn, men så held vassføringa seg lenger.

I fjor var det teke 2,4 tonn med fisk i Eira. Opsal meiner det så langt er teke rundt ein fjerdedel av dette.

Ventar på regnet

Svein Haugen i Sunndal- Jeger og Fiskerforening seier elva har vakse litt dei siste dagane, men at det framleis er altfor lite vatn.

– No ligg den på rundt 60 kubikk i sekundet. Vassføringa bør minst opp i 100 kubikkmeter i sekundet for å få fart på fisket. Da kan det bli godt fiske i Driva.

Haugen har nyleg vore to veker i Finnmark for å fiske.

– Utfordringa med lite vatn i elvane er den same også der. Med så lite vatn er det eigentleg krise for sportsfiske. Det blir vurdert å stenge fleire elvar slik situasjonen er. No treng vi mykje regn, seier Haugen.