Neste helg er det igjen klart for ei musikalsk og kulturrik helg i Stangvika. Stangvikfestivalen 2018 byr på eit variert program 26.-29. juli, og festivalleiar Jo Inge Nes fortel at dei er godt i rute med festivalen. Den første tida mot opninga handlar mykje om logistikk og dugnad.

– Vi har også i år fått låne den nedlagde aldersheimen i Stangvik av kommunen, kor musikantane skal bu gjennom festivalen, seier Nes.

Overraskingar

Nes skal sjølv bidra musikalsk i år, og han ser litt ekstra fram til å spele familiekonsert med «Fjord og fjell», saman med Peter Wergeni, Øystein Sandbukt, Sondre Meisford. Målet er at publikum skal bruke sin egen fantasi og la tankane flyge langt.

– Det blir morosamt å spele på «heimebane». Dette er ein konsert vi har framført i hele landet over lengre tid, og den passar like godt til 8-åringar som 80-åringar, seier Nes.

Nytt av året vil vere ein «popup-konsert» på baksida av Bondehuset før familiekonserten.

– Eg skulle gjerne ha gitt eit hint om kven det er som skal spele, men det er det ikkje nokon som veit enda, seier Nes og ler.

Festlåtar og melankolske viser

Som vanleg går foregår alt av arrangement i Stangvik, men også med eit arrangement i Todalen.

Unni Boksasp Ensemble spelar i ungdomshuset i Todalen torsdag kveld som ein tjuvstart på festivalhelga.

I Opus 72107 har ensemblet gått laus på arven etter Edvard Grieg og spelemannen Knut Dahle frå Tinn i Telemark. Ensemblet består av Unni Boksasp (Tinn): vokal, zitter, dulcimer. Trygve Brøske (Trondheim): trøorgel, piano. Magne Vestrum (Kongsvinger): kontrabass. Petter Berndalen (Stockholm): perkusjon og Mats Edèn (Värmland): fele, hardingfele, toradar.

Viser kunst og teater på same festival

Årets festivalkunstar er født og oppvakse i Nederland, men flytta til Trondheim i 1980. Cobt Omvlee har ho kjøpt seg hytte i Stangvik, Under årets festival vil Omvlee spele forestillinga «Landligger» – et galgenhumoristisk dokumentarteater som sitt år som langtidspasient på St. Olavs hospital.

Det er 15 år sidan ho starta med biletkunst, og under festivalen får vi eit rikt møte med kunsten hennar, både i og utanfor teaterramma.

Vender tilbake til Stangvik

Dei første tonane i Stangvikfestivalens historie var spela i Prestegarden i juli 1999, da den Sør-Afrikanske klarinettisten Robert Pickup spelte dansande rytmar. I år er han tilbake, og spelar opningskonserten på fredag. Sigrid Vetleseter Bøe vil synge duett med Pickup i uroppføringa av «13 ways», skrive av festivalkomponist Marcus Paus.

Seinare vil Helge Jordal vere skipskaptein når songar, sjømannshistorier, ariar og kåseri om hav, kyst og kystkultur blir presentert Bondehuset på fredag. Trygve Brøske vil leie Stangvik sjømannsorkhester, og blant andre Unni Boksaps og Sigrid Vetleseter Bøe vil bidra.

Det er mykje å få med seg av arrangement, og eit av høgdepunkta er kyrkjekonserten med Trondheimsolistene. Dei speler blant anna symfoni nr. 14 av Sjostakovitsj og bibelske songar av Dvorak. Osvaldo Golijovs publikumsvennlege samtidsmusikk er også eit spennande kapittel i konserten.

Dreg på åra

Stangvikfestivalen blir på tradisjonelt vis avslutta med fotballturnering og familiedag på Svissholmen. Festivalen opplyser at musikarlaget no dreg på åra, men at dei stiller lag også i år.