Når skulle ungane i Todalen ha «ein gong mat og tri gong dengt»? Kvifor har rindalingane årleg Kyndelsmessbasar? Når er «Knut med ljåen»? Og kvar finn vi St. Olavsnasen?

Året er fullt av merkedagar – gjerne med lokale tradisjonar. Bøfjorden Historielag markerer olsokdagen 29. juli med primstav og segner som tema.

Rim, regler og terrengnamn viser at folk kjente merkedagane: «Han Tjuand-Knut jaga jula ut». I Bøfjorden gjekk det dårleg med kona som spann på torsdagskveld (!) Primstaven fortel når laksen skal gå opp i Surna. Kulturtradisjonen med «Jensuku» er gjenoppteken i Åsskard. St. Bartolomeus har fått namnet sitt i «Barsuku-bakken» på Årnes.

Mykje tyder på at det store prestegjeldet Stangvik hadde sterke St. Olavs-tradisjonar. Pilegrimsveg til Nidaros gjekk om Rindalen.

Både Trettand-dag, Grøsmess og Mikkjelsmess (Mikeli) har ein flora av segner. Og det va katolsk fastetid og  «karneval» som danna grunnlag for slofart og kleppfisktørking!

Bernt Bøe har laga eit biletkåseri der han kjem inn på dette og mykje anna. Kvifor er 1. april narredagen? Kva har marsipan med 25. april å gjera? Når er det «fløttardag»? Og kvifor heiter det «blåmåndag»?

Nokre av svara får den som tek ettermiddagskaffen på Bøfjorden Sjøbruksmuseum komande søndag. Og der kan alle koma med ytterlegare innspel og opplysningar!