Fjordtur med tilbakeblikk

Frodig og dramatisk historie har utspunne seg på og langs Halsafjorden. Passasjerane på Angvik laurdag fekk tilbakeblikk på litt av dette under ein idyllisk fjordtur under Elvanesset-dagane i Bøfjorden.
Nyheter

Elvanesset ligg ved Settemsbukta, ein rik sildvåg i landnotbruka si tid. Bøfjordens Meieri (1892-1913) stod i Ådalen like ved og leverte smør til engelske frukostbord i Newcaste. Skrøvsetvika var knutepunkt for dampbåt, buss og post.