Marsjen går etter den gamle kløvvegen/stien dei gjekk med krøttera inn til Vindøldalen. Det blir kløvhestar med på turen, pausar med bål og svartkjel, og forteljingar ved Nils Røv undervegs. Sal av rømmegraut med meir på Røstasetra der turen endar. På Røsta er det også musikk med Larsens kvartett og mat - og alle er velkomne, seier arrangørane.

Det er bilveg heilt fram dit denne helga (bom på Holtamoan).

Turen har ein varighet på fem-seks timar med passeleg tempo og gode pausar. Oppmøtested er på Rabbanj, eit stykke opp i Vindøldalsvegen. Retur frå Røsta ordnast i fellesskap.

Turen er gratis.

- Møt opp og bli med! Vi går denne turen for å halde levande liv i denne tradisjonsrike kløvvegen, opplyser arrangørane.

Søndag 5. er det gudsteneste på Røstasetra.