Nordmøre Gatebilklubb har stått som arrangør av Gatebilfestival i ei årrekkje i månadsskiftet juli/august.

På asfaltplassen bak SIV Industriinkubator i Industrivegen i Surnadal får vi oppleve utstilling av lekre kjørety både med to- og fire hjul med premiering i fleire klassar.

Leiar Peder Brøske Moen opplyser at det skal premierast i klassar for lågaste bil med luftfjæring, lågaste bil med konvensjonelle fjærer, tre premiar for beste show, beste europeiske bil, beste asiatiske bil og beste Amcar – samt beste tohjuling.

– Elles kjem Emma med konkurranse i lydanlegg som vanleg. Kva kriterier dei legg til grunn i år er eg ikkje sikker på, om dei først og fremst går etter god lyd eller høg lyd. Men det er i alle fall mange her i dalføret som satsar på såkalla dB-drag og høg lyd. Då er det om å gjere å spele så høgt som muleg utan at bilrutene sprengast.

– Om det skjer, blir ein diska då?

– Nei, ein blir vel ikkje det, men ein mistar mykje lyd og er nok ute av konkurransen på den måten.

– Skal du stille ut bil sjølv i første året som leiar?

– Nei, det er ei stund sidan eg hadde bil i slik utstillingsstand. Eg hadde ein styla Audi A4 med 1,8-liters turbo og luftfjærer, men i seinare tida har eg satsa mest på bilcross. Ikkje akkurat bilar eigna til å stille ut.

Peder Brøske Moen starta med drifting, men etter eit par år gjekk han over til bilcross, og har ikkje angra på det.

Bilinteressa har han arva av bestefedrar på begge sider, der begge har køyrd lastebil heile livet.

Peder har gått inn i familiebedrifta og driv til dagleg med massetransport om sommaren og brøyting vinters tid.

– Det går mykje i opparbeiding av vegar til hytteområde samt hyttetomter samt tomter til nybygging av fjøs i Rindal for tida, fortel han.

Og helgene går gjerne med til å reise land og strand rundt til bilcrosstevne – der målet er å kvalifisere seg til landsfinalen.

Det greidde han i fjor, og kommande søndag køyrer han endeleg kvalifisering på Bjorli. Det blir med andre ord ei hektisk helg for den nyvalde leiaren i Nordmøre Gatebilklubb.

– Det har vore litt rolegare rundt bilcrossen i dalføret nokre år no, men per i dag har vi faktisk 13 aktive køyrarar i NMK Surnadal og Rindal. Det har alltid vore godt miljø i klubben, og når ein slår på lyset i garasjen for å mekke litt, sig det gjerne på med folk.

Elles er medlemmane i klubben i gang med dugnadsarbeid på Trollheimen motorbane i Rindal for å oppgradere banen til gjeldande sikkerheitskrav for å få arrangere løp.

– Vi merker at det er mykje nysgjerrigheit både i lokalsamfunnet og elles i motormiljøet for kva vi tenkjer med banen og om vi kjem til å arrangere løp att. Det blir mange påmeldte når vi arrangerer løp i Rindal att. Og det er jo Kulturvøkku i Rindal som gjeld, der det har strøymd på med publikum til tidlegare arrangement. Vi har eit mål om å gjenskape den stemninga med mange deltakarar og mykje publikum rundt banen, seier han.

Han roser også miljøet i Nordmøre Gatebilklubb – der det vil vere mykje overlapping av medlemmar frå alle klubbane som driv med motorrelaterte aktivitetar.

– Vi satsar på å bli betre kjent gjennom å invitere medlemmane på utflukter både til andre gatebiltreff – som i Verdal og på Frøya – samt å køyre litt gokart. Det er viktig å samle dei som er interesserte og skape eit miljø, og også innleie nye venskap basert på motorinteressa.

– Det er vel ikkje alle som set like stor pris på motorbrøl og remjing i gummi mot asfalt?

– Nei, vi ser nok på sosiale media at det er kritiske røyster ja. Det gjer det desto viktigare for klubben å samle aktivitetane og få spølinga inn i ordna og trygge former. Etter nokre timar med drifting og spøling på området her ved SIV, håper eg folk er kurert – i alle fall for ei stund. Når det er sagt, er vi svært takknemlege for å få lov å bruke asfaltplassen her på industriområdet til dette formålet år etter år. Eigarane er veldig greie å ha med å gjere.

– Og naboane, reiser dei bort medan dette pågår?

– Nokre gjer kanskje det, men det er jo berre desse få timane i året. Og mange av naboane vel å kome hit og sjå kva vi held på med. Vi håper folk kjem, gjerne med alt muleg av køyretøy, bilar, gamle traktorar og mopedar – og så håper vi vêret ikkje skal bli heilt gale medan vi held på.

Klubben lokkar også med mat. Det blir servert både hamburgar og pølser frå grillen, samt bakels og kaffe, så folk skal sleppe å gå svoltne heim etter festivalen.

– Og kva er draumebilen til leiaren i klubben?

– Nee, det er vel gammal Volvo det då. Men alt av gamle Volvo-ar i dalføret er jo oppkjøpt, og prisane har skote i vêret, så vi får sjå.