Det vart spennande då Sunndal J16 1 møtte Nittedal i semifinalen i A-sluttspelet i Norway Cup fredag ettermiddag.

Dette var laga sin andre kamp for dagen, og slitne bein og to godt organiserte lag resulterte i ein sjansefattig affære.

Nittedal skapte nokre farlegheiter med sine mange lange innkast, medan Sunndal jakta bakrom og kontringar.

Etter to gonger 25 minutt stod det 0-0, og dermed var det duka for sudden death - første målet vinn.

Spelet bølga fram og tilbake, med eit lite overtak til Nittedal. Mål vart det ikkje, og straffesparkkonkurranse måtte til for å kåre ein vinnar.

Sunndal bomma på sin andre straffe, medan Nittedal scora på alle sine.

Dermed blir det bronsefinale mot Fjellhamar på sunndalingane laurdag.

Dei to laga møttest og i gruppespelet. Då vann Sunndal 2-1, medan Fjellhamar til slutt enda opp som gruppevinnar.