Tre baklengsmål på fem minutt vart avgjerande då Sunndal J16 1 tapte bronsefinalen i A-sluttspelet i Norway Cup laurdag.

Etter 0-0 ved pause og eit par Sunndal-sjansar i starten av andre omgang, rakna det litt på slutten for raudtrøyene i den steikande varmen på Ekebergsletta.

Dei to laga var i samme gruppe i det innleiande puljespelet. Då enda det med 2-1-seier til Sunndal etter to mål av Eivor Ulvund, medan Fjellhamar til slutt vann gruppa.

I ein tett og jamn førsteomgang klarte Sunndal etter kvart å kjempe seg til eit lite initiativ, før Fjellhamar tok meir over inn mot pause. Ingen av laga klarte å få ballen i mål, og det var langt mellom sjansane.

Utover i andre omgang bølga spelet meir fram og tilbake, før Fjellhamar også i denne omgangen tok meir og meir over. Sunndal forsvarte seg likevel godt, og trass varmen og mange kampar i beina kjempa laget knallhardt i kvar einaste duell.

Glapp på slutten

Då Thea Mikkelsen sette inn 1-0 til Fjellhamar snaue ti minutt før full tid prøvde sunndalingane å svare med ein gong, men i staden la Frida Dahle Veberg på til 2-0 berre tre minutt seinare. Då Ine Olaisen Romundgård auka til 3-0 fem minutt etter 1-0-scoringa var kampen i realiteten avgjort.

Dermed vart det ingen reprise av seieren over Fjellhamar i gruppespelet, og Sunndal måtte ta til takke med den litt sure fjerdeplassen.

Med tanke på at 42 lag deltok i J16-klassa er fjerdeplass uansett ein prestasjon laget har all grunn til å vere stolte av.

I finalen møtast Åsane, som slo ut Surnadal i kvartfinalen, og Nittedal, som slo Sunndal på straffekonk i semifinalen.

Tøff motstand

Sett i ettertid er det liten tvil om at både Sunndal J16 1 og Surnadal møtte tøff motstand i gruppespelet i Norway Cup.

Tertnes, som slo Sunndal i åpningskampen i turneringa, vann til slutt B-sluttspelet. I finalen møtte dei eit anna lag frå same gruppe, Nessegutten, som Sunndal spelte 1-1 mot.

Det vil seie at fire av dei fem laga i Sunndal si gruppe altså vart nummer 3 og 4 i A-sluttspelet, samt 1 og 2 i B-sluttspelet.

Surnadal var altså i gruppe med A-sluttspel-finalist Nittedal, som dei tapte 0-2 mot, samt at dei rauk ut av A-sluttspelet mot Åsane – den andre finalisten.

I tillegg var blåtrøyene i gruppe med Ål/HFK, som kom til semifinale i B-sluttspelet.