Rett nok er sjøbruksmuseet berre arena, men mystikken kan få fram gåsehuda. For kva skjedde ved Liavatnet for 150 år sia? Eller i Snekkvikhamrane? Korleis gjekk det den gongen notlaga tørna ihop i Settemsbukta?

- Vi skal trø varsamt, men lokalhistoria inneheld ein del mystiske hendingar vi må formidle, seier Bernt Bøe, leiar i Bøfjorden Historielag. Søndag presenterer han ein del gåtefullt frå tider som var.

Gåter er det også mange av i det ferske heftet «På eventyrvis», som historielaget presenterer søndag. Det byr på fascinerande eventyrstoff og segner  frå Bøfjorden og nabobygdene. Det meste er frå Edvard Langset sine samlingsreiser rundt 1920.

- Overraskingar finst her, seier Bøe, som også vil trekkje forteljarane fram i lyset. - Ho Ingeborg på Arnøra og han Gammel-Ola Moa var blant dei frodige kjeldene for Langset.

Overtrua prega folkelivet i forbausande grad, viser segnene om vergjen og huldra. Museet tek fram klokkar Kristian Aasgaard sitt harmdirrande dagbok-oppgjer med dumskapen han såg rundt seg i 1880-åra.

Eventyrheftet blir å få kjøpt på museet. Like eins ordnar Gunnvor og Inger med kaffeservering.