Kanokonkurransen var eit av mange innslag publikum kunne gle seg over under laurdagens Eikesdalsdag.

Tilskodarane var mange da leiar Elin Ulateig Austigard i Eikesdalsdagane starta årets kanokonkurranse. Dei seinare åra har konkurransen vore eit fast innslag under arrangementet. Medan det i tidlegare år var ein konkurranse mellom bygdelaga i kommunen, er det no opna for alt frå bygdelag, idrettslag, bedrifter og kompislag.

"Kongene av campingplassen" tilhøyrte denne siste kategorien Dei har tilhaldstad på ein av campingplassane i bygda og kom seg greit gjennom den innleiande runden. Da startskotet for finalen gjekk, vart dei så ivrige at kanoen velta og karane hamna i vatnet. Med kanoen halvfull av vatn, valde dei å boktaveleg talt legge inn årene. Dermed var det tre lag som fullførte finalerunden, der første aksje i den nyoppsette vandrepokalen gjekk til eit lag frå Eide.

Elin Ulateig Austigard er heilt fersk både som eikesdaling og som leiar av Eikesdalsdagane. Ho skifta postadresse frå Lesja til Eikesdal for nokre dagar sidan. Laurdag kunne ho gle seg over bra med besøk med mange utstillarar til stades. Her var alt frå husflid, kortreist mat og sport og fritidsutstyr for å nevne noko. Også flere lag og foreningar viste seg fram.

Norsk Folkehjelp Sanitet Nesset er medarrangør. Peter Harholt fortel at inntektene frå arrangemenet i Eikesdal bidreg til å oppretthalde den viktige verksemnda deira. Folkehjelpa tek også på seg vakthald for ulike tilstelningar.

Som alltid når revygruppa D'Arilds står på programmet blir det mykje latter. Dei imponerte nok ein gong med både nye og gamle viser. Innimellom tek dei seg tid til å fortelje historier med humoristisk snert. Bandmedlem Kjell Arild Skjørsæther las eit sjølskreve dikt om prostatabesvær som utløyste kraftige latterkuler hos mange.

I dei gamle butikklokala i Eikesdal har Marit Wadsten galleri. I sommar er det det Ella Anne Utigard som stiller ut akvarellar i galleriet med vatn som tema.  Ho er oppteken av vatn når ho malar, og viser til at det finst flotte fjell mange stader. I Eikesdal gjer Mardalsfossen og Eikesdalsvatnet dalen unik.

- Bygda må få fossen tilbake. Det vil være positivt for bygda, seier kunstnaren til Driva. Ella Anne har tilbrakt somrane i barndommen i Mardalen i Eikesdal der faren kom fra. Ho er oppvaksen på Austlandet, men kjem att til dalen kvart år.

- I 2020 er det 50 år sidan Mardølautbygginga. Det vil vere viktig å halde fram arbeidet med å fossen tilbake. Dei vil gje store positive verknader ofr heile dalen, seier Utigard.

Laurdag kveld fortsetter Eikesdalsdagane med konsert i Mardalen. Søndag er det friluftsgudteneste.

Sjå meir frå eikesdalsdagane i onsdagens Driva.