Åtte nye elevar startar sitt første skuleår ved Mo Skule komande måndag.

Det betyr at skule i år vil ha 40 elevar, noko rektor Eva Dalsegg tykkjer er ekstra gledeleg.

– Vi har vore nede imot 30 elevar ved skulen, og der tykkjer vi nok at det går ei slags smertegrense. Men så lenge vi klarar å halde eit elevtal på rundt 40, skal vi vere godt nøgd, seier ho.

For fire år sidan var det ingen nye førsteklassingar ved Mo. Dette er ei utfordring som leiinga ved skulen dreg med seg vidare, i og med at dei har ein tom klasse å forhalde seg til når planar skal leggast opp.

Men dei får kabalen til å gå opp år etter år, og klarar det nok også fram til «den tomme klassen» er ute av bildet.

Eva Dalsegg vart fungerande rektor etter Arne Landsem for to år sidan, og i fjor vart ho fast i rektorstillinga.

Det betyr at det er tredje året ho ønsker velkomen til skulestart som rektor, og gler seg til måndag.

– Det er vel ein spennande dag for dei åtte som startar i første klasse?

– Det er klart. Sidan vi er eit oppvekstsenter, er jo dei nye elevane godt kjend med fasilitetane, blant anna ved at dei i sisteåret i barnehagen har fått kome innom og prøve ut sitt nye klasserom saman med sin kontaktlærar. Dei deler også inngang med førsteklassingane, og på mange måtar har dei gått litt rundt føtene våre det siste barnehageåret. Vi er dermed vorte godt kjend med dei som no blir førsteklassingar. Men det er uansett spennande å begynne på skulen, å måtte ta skulebuss saman med dei eldre elevane og kvar dag ha med seg lærebøker i skulesekken. Det blir ein ny kvardag, sjølv om læring er godt innarbeidd i barnehagen òg. Barnehageungane er innom både norsk og matematikk og jamvel engelsk. Det er ei bevisst haldning blant barnehagetilsette å utvikle språkleg bevisstheit blant ungane.

– Du nemner at dei tek buss. Skulebussen er vel ein potensiell mobbearena?

– Det kan det vere, men vi veit vi har dyktige sjåførar som passar på. Om morgonen har vi ikkje kontroll på kvar førsteklassingane sit på bussen, men heim att har dei faste plassar og veit kvar dei skal sitte. Då følger vi dei også på bussen det første året. På mange måtar er nok skulestart ein like så brå overgang for foreldra som for elevane. Å skulle slutte å køyre ungane til barnehagen og vere med dei inn. På måndag er sjølvsagt foreldra med, men så får dei overlate ansvaret til andre både på skuleskyss og i skulekvardagen.

– Kor mange er de i lærarstaben her ved Mo Skule?

– Vi er fire faste – rektor inkludert – og så har vi assistentar i ulike stillingsprosentar. Elles må eg få seie at vi har eit veldig stabilt miljø her på Mo, ikkje berre i skulen men også i barnehagen. Har du først fått deg jobb her, har du ein tendens til å bli verande. Dette tek eg som eit teikn på at folk trivst i jobben og i det arbeidsmiljøet vi har fått til her. Godt arbeidsmiljø er viktig både for lærarar og elevar. Vi har hatt revidering av opplæringslova med omsyn til elevane sitt skulemiljø og med strengare krav til at vi som jobbar i skulen må følgje med på at elevane har det bra. Eg trur vi har vorte flinke til å akseptere at elevane er ulike – å møte kvar einskild elev på deira premissar. Samtidig tykkjer eg at elevane her er veldig greie mot kvarandre.

– Eg har forstått det slik at de har aktive foreldre her i skulekretsen, og at dei gjerne deltek i arbeidet for ein betre skule?

– Absolutt. Vi har eit aktivt FAU og veldig godt samarbeid mellom skulen og foreldra. Særleg aktive har foreldra vore i å utvikle uteskuleområdet. Blant anna har dei utarbeidd planar for Austistutrøa, som har vore mykje brukt før, der det er bygd gapahuk og oppbygd amfi med benkar. No skal visstnok gapahuken flyttast, og det ligg ein god del maskinarbeid i planane. Utviklinga av området, medfører også auka bruk både i barnehagen og dei fem første åra i skulen. Elles er det veldig lett å få ja når vi spør foreldra om hjelp. Dei er veldig positive til oppvekstsenteret i det heile.

– Og så har de skulekorps!

– Ja, tenk det! Ein liten skule som Mo har eige skulekorps! Siste tala eg har fått viser at heile 17 av dei 40 elevane ved skulen er med i korpset. Det er heilt fantastisk, tykkjer eg. Vi har elles ein musikktime i veka, og dei som spelar i korps får bruke denne som øvingstime. Det må vere musikkopplæring god som nokon, tykkjer eg. Når det er sagt, har korpset god og viktig hjelp av vaksne musikarar i det sjølvtitulerte «hjelpekorpset». Og i år feirar faktisk Mo skulekorps 50 år. Dei vil det skal bli her på Mo.