Det har vore mykje ståhei rundt arkeologane som har funne fornminne i Øygarden bustadfelt på Nordvik i Surnadal, og som dei siste tre vekene har vore her på feltarbeid og finne meir enn dei hadde rekna med, skriv todalen.no.

Dei to arkeologane, Ole Husby frå Surnadal og Vegar Hyttebakk frå Innset, er no ferdige i denne omgang, og ønska å invitere interesserte til å kome på ein infokveld med omvisning og orientering om kva dei har jobba med og litt om gravrøyser og gravplassar dei ha funne.

Funna viser at det har vore aktivitet i lang tid, og da snakker vi om eldre jernalder og rundt 400 før Kristus – 570 etter Kristus – ein periode på ca 1100 år.

Det dei har funne er i hovudsak kremasjonsgraver, med brent kol og brente beinrestar. Den gongen vart ofte beinrestar samla i ei neverkopp som fungerte som ein slags urne.

Les meir på todalen.no