I det vesle huset budde heile sju menn frå Øksendalen – den såkalla «Sjustjerna». Dei delte alt, til og med ullstrømpene.

Fann restane av «gull-hus» i Alaska

I 1900 reiste fleire øksendalingar til gullrushet i Nome i Alaska. Nyleg var eit knippe av etterkommarane deira i Nome. Der fann dei restane av huset som gullgravarane frå Øksendal bygde av drivtømmer for 118 år sia.
Nyheter

Øksendalingane ga seg ikkje så lett da dei først var komne til Nome i 1900. Dei heldt ut det tøffe klimaet og det knallharde arbeidet i seks år – til dei plutseleg fann gull. Enda eit år gjekk med på å hente ut gullet frå tundraen. Øksendalingane vart ikkje rike, men fann nok til å gjera viktige investeringar i heimgarden, eller til å kjøpe seg ein gard. Det siste var tilfellet med Anders Sæther, bestefaren til tre av dei som deltok på slektsturen til Nome i august.