Helsesista til Surnadal

«Helsesista» kjem onsdag til Surnadal kulturhus for å halde foredrag for ungdom i Surnadal og Halsa.

Populær: Tale Marie Krohn Engvik, best kjend som "Helsesista", er populær blant dei unge. Onsdag kjem ho til Surnadal. Biletet er frå eit besøk i Sunndal i april.  Foto: Ingrid Ellevset

Nyheter

Sanitetsforeningane i Surnadal kommune har invitert heile Norges «Helsesista» Tale Marie Krohn Engvik til å halde foredrag til ungdommen i Surnadal og Halsa førstkommande onsdag.

- Helsesista er som kjent veldig populær og ikkje minst relativt kostbar. Derfor er vi veldig takknemlege for at vi har eit positivt næringsliv som støttar oppunder dette prosjektet og har gjort det realistisk, seier fylkesleiar i NKS Møre og Romsdal, Elinor Bolme, på vegne av på vegne av Surnadal, Todalen, Øvre Surnadal og Torvik sanitetsforenineg. - Det er Surnadal Sparebank, Sparebank 1 SMN, Svorka, Gjensidige Surnadal, Surnadal kommune, Surnadal vidaregåande skule, Surnadal ungdomsskule og Tomas Schei’s minnefond.

For å få plass til alle elevane i kulturhuset må det gjennomførast to foredrag; det første til  elevane ved Surnadal videregåande og det andre for elevane ved Surnadal og Halsa sine ungdomsskular. I tillegg er tilsette ved desse inviterte saman med helsesøstrene og andre tilsette i kommunen.

- Ungdommen i kommunen har sjølv signalisert at dette er eit foredrag dei absolutt kunne ha tenkt seg å få oppleve. Dette er det fjerde året saniteten samlar ungdommen til eit slikt arrangement med viktige tema på dagsorden. Det første året av den vidaregåande skulen er og invitert, fortel Bolme.