Gir skryt for godt utført arbeid i skulesaka:

– Dette gir oss tid til å snu utviklinga

Rådmannen tilrår å vente med samanslåing av Todalen og Stangvik oppvekstsenter og gjere vedtak på ei nedre kritisk grense på 4 og 20 i høve til barnehagebarn og elevtal i Todalen. FAU i Todalen applauderer tilrådinga og håpar at politikarane vedtek dette slik som det ligg når saka skal behandlast i kommunestyret torsdag. – Dette gjev oss litt tid og ro til å snu utviklinga, seier dei.

Gir skryt: FAU i Todalen, her ved Knut Berglid (f.v.), Bjørn Gunnar Ansnes (leiar) og Line Kvendset, skryter av kommuneadministrasjonen for arbeidet som er gjort i skulesaka. Dei applauderer rådmannens tilråding og håpar politikarane sluttar seg til denne når saka skal behandlast i kommunestyret torsdag.  Foto: Gøran Rønning

Nyheter

Skulen i Todalen har no 27 elevar, og det er 6 barn i barnehagen. Stangvik har 59 elevar i skulen og 36 barn i barnehagen. Og utviklinga er negativ.